søndag 6. mars 2011

The show is over

8 dagar sidan sist innlegg, og no er den store konserten over, som eg reklamerte for sist gong.

Det vart ein fantastisk kveld i kulturhuset! Trioen med Gisle Børge Styve, Helge Harstad og Per Willy Aaserud sjarmerte oss i senk, og musikklaget på si side gjorde jobben. Publikum var full av lovord etterpå, og me har fått utruleg mange fine tilbakemeldingar.
Sjølv både spelte og song eg solo med laget (ja, no kjem litt sjølvskryt, huff!), og sjølv om eg var nervøs og småskjelven gjekk det ganske bra. Det var iallefall utruleg kjekt!
Det einaste som er trist er at sjølv ein totimars konsert virkar å vere over på eit øyeblikk. Alle førebuingane, øvingane og organiseringa i veker og månadar munna ut i denne kvelden. Men når det blir så bra, så er det sjølvsagt verd kvart sekund!




5 kommentarer:

Trollkåno sa...

Og FOR eit show det vart......og so flink du er......både til å organisere, og ikkje minst både spele og synge!!
Kanskje eg er ein smule "innhabil".......men eg er mektig imponert og stolt!!!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Gratulerer med vel gjennomført. Der skulle jeg gjerne vært.

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så moro!! : )
Sånne arrangement er kjekke å vera med på, og ekstra moro når alt ein har øvd til går bra og publikum likar det dei ser og høyrer.
Ser no forresten godt kven minstejento di legner på her: )

KLEM!

Lene sa...

Takk igjen for en forrykende konsert, og det gikk ikke an å se at du var nervøs hvertfall - stålkontroll ;)

*klem*

Patina-H sa...

Det var ein ekte stas kveld :) Kjempebra jobba og flotte soloar !

Related Posts with Thumbnails