onsdag 9. mars 2011

(Kaffi)pause

For eit par veker sidan ringte min kjære meg på jobb, og sa "Hadde ikkje du veldig lyst på kaffimaskin?". Jau, eg hadde det. I jola fekk to av brørne mine eit slikt vidunder, og kun kort tid etterpå hadde også mor og far fått ei i hus. Når min kjære får ein idè er han ikkje sein i snuen, og på ein augneblink var bestillinga gjort. Eg skulle berre stikke innom på Elkjøp og hente maskina. Som sagt så gjort!



Dolce Gusto is my new best friend! Det er herleg å kunne brygge seg ein kopp kaffi på eit lite minutt når morgonen er travel, men kroppen skrik etter litt starthjelp, eller på ettermiddagen når roen i større eller mindre grad seinkar seg over heimen.


Litt starthjelp kunne eg ha trengt (for lenge sidan) med det som skal bli ei semesteroppgåve i leiarutviklingsstudiet mitt òg. Men, det viser seg - tru det eller ei! - at oppgåva ikkje skriv seg sjølv. Så ikveld har eg  begynt. Litt. Nokre setningar har forma seg på skjermen, og nokre flagrande tankar har, om ikkje teikna seg klart, så iallefall byrja å bevege seg mot ljoset. Det er 11 dagar til oppgåva skal leverast, og 18 dagar til eg reiser på siste studiesamling, der eg skal presentere oppgåva for mine medstudentar og føredragshaldarar.


Det betyr at eg kjem til å fortsette med like "dau" blogg dei neste vekene som eg har gjort dei føregåande. Eg må rett og slett ta ein kaffipause. Dersom tid, lyst og overstrøymande inspirasjon kjem over meg gjev eg nok eit livsteikn, men ellers lyt eg via kveldane etter prinsesseleggetid til tankeverksemd og tasting om noko heilt anna.

Hejdå!

4 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Med god kaffe i koppen så går nok dette bra :) Tida da det gikk an å by folk på best pulverkaffe er definitivt forbi skjønner jeg;)

Lykke til med oppgava. Vi er her og venter på oppdateringer på bloggen når lyst og tid er der.

Linda - HJERTEHUSET sa...

Eg fikk meg og kaffimaskin til jul og eg elska den!
Linda:-)

igi sa...

Heldige deg! Kos deg med kaffe og oppgaveskriving.
Klem

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

HEi!
Har vært litt fraværende her inne i det siste...
Håper oppgava er levert, for etter mine berekninger skulle fristen vera i dag?!
Har og hatt ei lita pause frå bloggen ei stund. Det blir mykje innimellom.
Me skal vera vestpå mest sansynleg dei tre siste vekene i juli. Er de heime då? Hadde vor moro å svippa ein dagstur på denne kafeen i bygda di, men endå meir moro om me trefte "kjentfolk"!
KLEM!

Related Posts with Thumbnails