torsdag 24. februar 2011

Winter wonderland

Årets vinter er snørik, lang og kald. Snøen la seg tidleg i desember, og har ikkje vore i nærleiken av å forsvinne, trass at me for ei tid sidan hadde 2 veker med regn. Seinare har det komme meir og meir snø, og me har nok rundt meteren no. Småvegane er islagde, medan dei større vegane heldigvis er stortsett bare.

Dei siste dagane har det vore kaldt og klart, med isande kald vintersol mot gneistrande kvit snø. Sundag var òg ein slik dag, og det var ein av dei svært sjeldne dagane der eg klødde i kroppen etter å komme meg ut i snø og sol, gjerne på eit fjell i nærleiken. Men, mannen i huset var ikkje i slag, og strengt tatt var det litt kaldt for å legge ut på fjelltur med mine to små. Det hadde eg nok uansett ikkje gjort utan mannen.
Men ut måtte me! Eit par tekstmeldingar seinare hadde me fått oss turselskap. Kakao vart kokt, og bollar (heimebakt på bakeriet ;) ) putta i sekken. Så gjekk me dei få metrane opp i bakkane som høyrer til foreldra mine sin gard. Der var eg sjølv alltid på ski eller i snøleik når eg var liten. Det vart laga sitteplass i sola, og etterkvart fekk me selskap av fleire, både to- og firbeinte. Jentene aka og basa i snøen saman med gode vener, og dei vaksne kunne nyta solstrålane med ein kopp kaffi, ispedd eit par redningsaksjonar for dei som hadde gått seg fast i snøen.
Me hadde eit par nydelege timar der ute i bakkane, og eg tenkte med meg sjølv då me kom innatt - kven i all verden treng å reise til fjells når ein har rikelegt med snø, sol, kakao og godt selskap rett utom stovedøra?

God helg i vente, bloggvener! Her satsar me på at omgangssykja som la prinsessene ned for telling sist natt, ikkje gjer det same med oss vaksne i helga. DET har me ikkje tid til ;)

2 kommentarer:

Kalimera's blogg sa...

God bedring til jentene, ikke kjekt med omgangssyken. Har hatt den vi og (alle 5)

De beste ønsker om en god helg.
Hilsen Helen

Trollkåno sa...

Fine vinterbilder!
Bra du tok dei sist helg, denne vert det mest ruskevèr, seier dei.

Related Posts with Thumbnails