laurdag 19. februar 2011

Tusen takk, Elin frå Bergen!


Når eg har mange jern i ilden, då vert det som tanta mi eingong sa:
"For mykje å tenkje , for lite å tenkje med". Resultatet er at eg vert i overkant distrè, gløymer noko og mistar noko anna. Ein slik periode er det no...


Sist fredag ettermiddag, då eg kom heim etter todagars kurs i Bergen, og Rosamannen tilbrakte heile helga i den same byen i høve NM for Brassband, då var det nok i overkant fullt i knollen igjen. Eg og jentene var på nærbutikken og handla mat til helga, og ting gjekk i ein fart. Laurdagen skulle me på ein liten handletur + kinobesøk på Voss, og då me sat i bilen, klar til å entre butikkane - då oppdaga eg det. Kortmappa mi var bortevekk! Eg leita gjennom veska (alias "det store svarte hòlet") 3 gongar, men fann den ikkje. Heldigvis hadde eg eit kort liggande laust i veska, eit reservekort til mannen sin konto (det er jo aldri feil ;) ), så me fekk både handla og sett film.

 Så har dagane gått, og eg har leita litt sporadisk etter kortmappa.. i bilen, i jakker her heime, og på plassar eg veit at eg ofte legg frå meg ting. (Du veit, den praktiske plassen rett innom døra, kjøkkendisken, kommoden i stova.... sånne strategiske stader som berre ber om å verte dekka med rot!) Men til inga nytte.

Men så, ikveld, ringte ei dame på døra. I det eg opna såg eg eit framandt fjes, men raskt vart fokuset flytta til den vesle metallmappa ho haldt i handa. Det var sjølvsagt kortmappa! Lang historie kort, hadde ho funne mappa her i bygda, men gløymt å levere den på butikken då ho var der. Så kom ho heim til Bergen, og oppdaga den i lomma. Ho har prøvd å få tak i meg på mobil utan å lukkast (argh - nokon gongar er mobilsvar slett ikkje til å stole på!), og idag tok ho altså turen eins ærend frå Bergen for å overlevere kortmappa mi, med dei viktigaste små plastbrikkene eg har. Eg var - og er - døyvd! Eg takka og takka, og lurte fælt på kven kvinna var, utan å få med meg meir enn at ho heiter Elin og bur i Bergen.

Kveldens innlegg og dertil høyrande blomar er difor dedikert til den fantastisk snille Elin frå Bergen, som har passa på kortmappa mi i 8 dagar, og deretter leverer den rett på døra. Eg er deg evig takknemleg!! Skulle du mot formodning komme til å lese dette, så send meg ein epost (adressa til høgre på sida). Og om ikkje Elin sjølv les dette så kan iallefall me andre glede oss over at det finst ærlege sjeler der ute!

God sundag!

6 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så herlig at det fins sånne mennesker!! : )

Og så flotte kort du har laga. Har prøvd meg litt med promarkers, og skjønner at det er snakk om maaaasse øving her. Men moro!!

Og JAAA, hvis me reiser om Voss i sommar, så stikk me sjølvsagt innom Evanger. Hadde vore SÅ kjekt å helst på deg (og resten av familien) og sett bruktbutikk-kafeen!! Me skal vestover i juli. Og reiser me ikkje om Voss, så går jo det an å ta ein dagstur til Evanger! Skal forresten heim i påska også!

KLEM!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Dette var imponerende gjort. Sånne mennesker skulle det vært flere av. Det varmer å lese sånt og det trengs i -23 gr.
Ønsker dere ei fin uke.

rod i hob sa...

Gla i hjerta historie <3
(Sku ønska et hjertene her og blei skikkelige!!)

Ha en fine søndagskveld!!

Villblomsten sa...

å flott :-)
Håper hun leser dette , eller noen som kjenner henne leser det :-)

rod i hob sa...

http://rosaibyen.blogspot.com/

Du har kansje oppdaga det allerede?? Men heilt tilfeldig fant eg ei til som er Rosa og bur i Rosa-heimen.. Merkelig.. Åsså snakka ho om gult...

:-)

Lene sa...

kjenner at jeg blir inspirert ;)

Related Posts with Thumbnails