onsdag 9. februar 2011

Tannfèen som svikta

Bilete teke (og redigert) med iPhone4
Her ser du ein svært nøgd 6-åring, som berre sekundar før hadde nappa ut si fjerde tann, og no er utan fortenner oppe. Ganske sjarmerande, ikkje sant?

Denne 6-åringen er ikkje av det lettlurte slaget, og om kvelden, rett etter tanna vart lagt i eit glas med vatn, hadde ho ei lengre utgreiing om at tannfèen ikkje fanst. Nei, det var foreldra som la pengar i tannglasa, for å lure ungane sine. Det var slik foreldre gjorde, det. Eg måtte love på tru og ære å ikkje putte pengar i glaset, for på den måten skulle ho bevise om tannfèen fanst eller ei.

Eg hadde tenkt å gjere som foreldre flest - dra ei kvit lygn, og putte pengar i glaset likevel, men då vekkarklokka ringde neste morgon, og jenta var på veg inn for å sjekke tannglaset, innsåg eg kva eg hadde gjort. - eller ikkje gjort! - Glaset var like tomt som kvelden før, dvs - det innehaldt vatn og ei melketann, men ingen tannfè-pengar. Heldigvis tok jenta det med stort humør, og var nesten triumferande då ho kunne konkludere med at det var me som hadde agert som tannfè ved tidlegare tannfellingar.

Men historia sluttar ikkje her: Min kjære la inn ein kommentar til NRK Hordaland på Facebook om historia, då deira tema for morgonen var hukommelse og dertil høyrende teflonhukommelse. Få minuttar seinare vart han oppringd av studiovertinna, som lattermild kunne fortelje i morgonsendinga om pappaen som hadde gløymt å vere tannfè. Dermed kunne heile fylket få høyre den småmorsomme historia om kor dårlege foreldre me er, som GLØYMER å putte pengar i tannglaset. Ikkje for det - tannpeng fekk jenta likevel, og søt er ho med "postluka", som ho sjølv kalla det idag.

God veke vidare - dei to siste arbeidsdagane denne veka skal eg nok ein gong på kurs i Bergen, og sidan det varar til godt utpå kvelden skal eg faktisk overnatte på hotell i byen. DET skjer ikkje så ofte...

Tudelu!

7 kommentarer:

Annika sa...

Herlig tannfe-historie!

Knekkebrøda er svært enkle å lage, når til og med eg syns det gikk som ein leik, er det berre å prøve sjølv også!

God tur til Bergen! Godt å sleppe å stresse heim og tilbake sein kveld og tidleg morgon. Nyt hotelloppholdet :)

Og fortsatt god veke :)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Herlige unger altså. Får liksom sagt det;)
Kos deg i Bergen.

Nikoline sa...

Må tru eg høyrde om dette på radioen - og tenkte straks på deg.. ha.ha..
God fornøyelse i by`n og kos deg med ei god hotellnatt:0)

MusMei og HEMILIA sa...

Morsom historie!! Kos deg masse i Bergen da- her er fint til tross for at det regner i dag.. Deilig med hotellovernatting da!

igi sa...

Hi, hi :-)
Klem fra Igi

Anita Kristin sa...

Godt det ikkje berre er eg som gløymer slikt.
Her forsov nemleg tannfeen seg for nokre veker sidan.
Ha ei flott helg!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Vilken härlig historia! Flax för er att hon tog det så bra och fick bevisa sin teori. :-)

Hoppas du har en riktigt fin helg!

Related Posts with Thumbnails