tysdag 15. februar 2011

Sundagsbilder på tysdag

Sundag var det som alle veit, morsdag.
Her i Rosaheimen er me særs dårlege på slike dagar, både mors-, fars-, og valentinesdag. I helga var dessutan min kjære på vift, og då gjeld det å vere sjølvhjelpen! Eg starta helga med å kjøpe ein stor bukett tulipanar i fargemix, og likar å kvile augene på dei vårlege blomane. Ute er det nemleg skikkeleg, ordentleg vinter endå, med godt og vel ein meter snø! Brøytekantane er høge, og oppsamlingshaugane når stadig nye rekordar!

 Sundag morgon vakna Storesyster før klokka var 6. Ho har ein tendens til å gjere det når det er noko ho gler seg til. Heldigvis fann ho sjølv ut at det var best å kvile augene litt til, då ho høyrde kva klokka var. Men nokre timar seinare vanka det våt suss på kinnet, og teikning laga på SFO, før me laga oss god frukost med egg, nysteikte rundstykker og Balholm eplejuice. Livet er ikkje så verst!


Håpar du har ei god veke!

2 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Nei, livet høres absolutt ikkje så verst ut!!
Og hobbyrommet ditt såg ut til å romme det aller meste ein har bruk for. Eg hadde hobbyrom før Linus kom, men no brukar eg spisebordet i stova. Ikkje like praktisk alltid, så eg gledar meg til me ein gong får større plass.

Ha ein fin dag. KLEM!

rod i hob sa...

Du å du.. Hørtes herlig ut!! Må syta for seg sjølv vett du.. AT IKKJE EG TENKTE PÅ AKKURAT DET??

Får ta meg ut denne helgå eg då :-)

Related Posts with Thumbnails