måndag 7. februar 2011

Sjokoladetakk

Sist haust, då det gamle skifertaket på toppen av Rosaheimenskulle bøta med livet, inviterte me til dugnad. Alt måtte ned på ei helg, frå stillaset vart sett opp og til snikkarane skulle ta fatt måndag morgon. Og dugnad vart det! Heile 15 personar stillte opp med arbeidslyst og godt humør, på den verste regnvershelga me hadde sett på svært lenge! Ei dame som ikkje kunne vere med i sjølve arbeidet passa ungane våre i timesvis, ei anna kom på døra med nybakt kake som me kunne ha attåt kaffien når me måtte inn og varme oss litt. Eg vert framleis rørt når eg tenkjer på innsatsen!


No etter nyttår tok eg fatt på eit lite prosjekt på scrapperommet i dette høvet. Eg har nemleg tenkt heile hausten at eg så gjerne ville få takka desse 15 på skikkeleg vis for hjelpa me fekk, og beit meg nok ein gong fast i ein idè frå Rønnaug -  denne gongen om innbunden sjokolade. Ganske kjapt og greit, men likevel noko lite ekstra.

11 sjokoladar vart det tilsaman (ja, for dei som kom parvis har faktisk måtta dela på godsakene), og no ligg det berre att ein her i huset, så no vågar eg meg på å vise dei fram. Han som endå ikkje har fått les nok ikkje så ivrig i bloggen ;)

Det er godt å ha naboar, familie og vener som kjem med ei hjelpande hand når me treng det som mest. Så får me håpa at det gjeld andre vegen òg...

7 kommentarer:

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Så flott at folk stiller når en trenger det, klart det rører noe ved en. Super idè med innbundet sjokolade,smaker nok ekstra godt!:)
Klem

♥ Gamleheksa ♥ sa...

En søt og god takk :) Gode hjelpere er virkelig gull verd.

Trollkåno sa...

Takk....den var god.....og fin!

Anne sa...

Det er godt å ha folk rundt seg som stiller opp og gir en hjelpende hånd når det trengs :)
Kjempefin liten helsing/takk du har laget:) Ekstra omtanke bak !

Nikoline sa...

Så mykje meir enn "berre" ein sjokolade dette var!! Du er utruleg flink - misunner alle som kan dette med scrapping.
Godt å ha gode hjelparar, og eg tvilar ikkje på at du/de er av det slaget som ikkje er så vanskelege å be om hjelp heller:0)

rod i hob sa...

Så fantastisk Rosa :-)

Å enn kjekk oppmerksomhet både å gi å få :-) Alle likar sjokolade liksom!

Likte godt den nye "banneren" din!!

Nå bør vel eg komma meg i seng??

Tuddeluuuu!!

Rønnaug S. sa...

Så fine de ble!! Veldig kjekt å gi bort sjokolade når den ser sånn ut :)

Related Posts with Thumbnails