laurdag 26. februar 2011

Om ei veke er det showtime!

Dei som er innom jamnleg har nok skjønt på innlegga mine at det er litt hektiske tider, der hovudet til Rosa ikkje alltid heng med i svingane (heldigvis ikkje heilt bokstaveleg talt!). Mykje av grunnen er den du ser her:


Øverste del av plakaten er GBS-trio sin standardplakat. Nederste del er min ;)
Musikklaget "mitt" skal ha konsert saman med Gisle Børge Styve Trio, og det er ganske mange små og store trådar som skal samlast for at resultatet skal verte bra. Det er travelt, og samtidig veldig kjekt - iallefall om alt går bra til slutt! Neste laurdag brakar det altså laus i det nye kulturhuset på Voss, og skulle du ha lyst til å ta turen så er du meir enn velkomen! Du kan lese meir om konserten her, og endåtil sikre deg ein god plass på førehand, dersom du gjer det her.

Velkomen til ein storkveld i kulturhuset!

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

Åja, detta vert kjekt!
Gleder meg!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

God fornøyelse og lykke til!
Mange med Styve-blod i årene som er i aksjon da, vil jeg tro :) Gleder meg til å lese om det på bloggen, for det blir nok litt langt å reise;)

Related Posts with Thumbnails