torsdag 17. februar 2011

Kort-pusleri


 No har eg jo vist fram jenterommet mitt, så då er det kanskje tid for å vise noko som har blitt laga der. For nokre veker sidan investerte eg i ein del ProMarkers, alkoholbaserte tusjar til fargelegging av m.a. stempeltrykk. Eit par nye stempel vart det visst òg i bestillinga - eit av dei heiter Natural boy, og er denne søte karen som sitt på ein stokk.

På bloggen til Kortgleder fann eg òg tips til eit kort som designaren der hadde brukt, som såg kjapt og greit ut å lage. Som sett så gjort! Resultatet vart eit kort til svigerfar, som hadde bursdag forrige helg.


 Eg rakk å lage eit kort til sist helg, når Rosamannen var på vift - eit kort til gode naboar som har litt tøffe tider denne vinteren. Dette stempelet er òg nytt, og eg syns det var veldig skjønt. Inni er det eit enkelt tekst-stempel:
"Begynn med det nødvendige, deretter det som er mulig, og så plutselig greier du det umulige"
Det er så kjekt å sitta på hobbyrommet, når eg kan snu meg mot den gamle PC'en, skrive ut tekstar, skjære ut former i papiret, og så bruke det med ein gong.

Imorgon skal eg og min kjære faktisk på vift saman, og laurdag vert det ein tur i Åsane, med besøk på m.a. IKEA og Stoff&Stil. DET må jo verte ei bra helg!

God helg i vente til deg òg!

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

So fine kort!
Kjekt å sjå at du er i gang med nye prosjekt.......
God tur på Stoff&Stil......trur eg må snart, eg òg.

Lene sa...

Så utrolig fine! Detta kan du! Håper vi kan få tatt oss en felles kveld om ikke så alt for lenge ;)

Related Posts with Thumbnails