onsdag 23. februar 2011

Griseflaks - del 2!



I forrige innlegg skreiv eg om kortmappa mi, som kom til rettes på mirakuløst vis etter ei veke i eksil.
Igår forsvann husnøklane mine, akurat etter at huset vart låst for dagen, og eg skulle ha med meg to ungar og 14 pakkenellikar bort til bilen i ein viss fart. Eg fann det ut då eg 5 minuttar seinare skulle innatt for å hente den før nevnte kortmappa, som framleis låg i skjørtelomma der ho vart lagt laurdag kveld....
Eg saumfòr dei to små vegstubbane der eg kunne ha mista nøklane, eg tømte veska, og snudde bilen opp-ned og rista han. Spurde i barnehagen og leita gjennom klesbyte-veskene til jentene. Nøklane var ingen stad å sjå!

På toppen av dette hadde min kjære ein lang dag på jobb, og reservenøkkelen som brukar å ligge ein hemmeleg stad hadde på mystisk vis flytta seg inn i gangen! Etter enda arbeids-, skule-, og barnehagedag måtte me difor evakuere heim til foreldra mine sitt hus, det me til alt hell fekk både mat og varme.
Klokka halv sju kom me oss omsider heim, framleis utan nøklar, trass ny leiting gatelangs.

I ettermiddag, då eg på veg til barnehagen passerte parkeringsplassen kom eg plutseleg på at eg hadde lagt nøklane på biltaket for å hjelpa Storesyster i ein fart om morgonen. Det hadde berre gått så fort at eg heilt hadde gløymt det! Der var forklaringa, og eg såg for meg leiteaksjonar langs større vegar...heilt til eg såg at det sat noko heilt bak på taket på bilen. Eg trudde ikkje eit sekund at det var mogleg - det måtte vere ein kvist eller noko som hadde sett seg fast, men jau - der hang dei - klemt mellom "railen" og taklista. Der har dei hengt, tilsynelatande godt planta, medan eg har kjørt til skule, barnehage og 2gongar t/r Voss!!!

Snakk om griseflaks!

4 kommentarer:

igi sa...

Litt flaks skal man ha! Du burde tippe lotto til helga, alle gode ting er tre :-)
Klem fra Igi

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Flaksen følger toske bruker mor mi å si, men jeg synes nå det er litt stygt sagt jeg da ;) Men lotto bør du absolut spille mens du er i flaksmodus!!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Huff, skriveleif over her: toske skal være tosken ;)

ingridmarie sa...

Snakk om hell i uhell ja! Tenk at dei hong der heile tida! Lenge sidan eg har vore innom deg her på bloggen, og enno lengre sidan eg har hatt innlegg sjølv, alt grunna den store søvnmangelen er har vore gjennom , med ei lita som ikkje søv om natta. Om dagen kan ho sova lenge og vel, men da er det jo fullt opp av andre ting eg lyt gjera, so eg går no rundt i ein døs.. Men no har vi altso begynt med graut-eit nytt liv! Håpar å kome sterkare tilbake her i blogglandia no utover våren!

Related Posts with Thumbnails