laurdag 22. januar 2011

We will rock you!

Det kanskje største høgdepunktet på 4-dagarsturen vår til London, var nok opplevinga av musikalen "We will rock you" på Dominion Theatre. Musikalen er bygd opp rundt musikken og tekstane av Queen, og i forkant hadde me høyrt på dei aktuelle songane i bilen. Begge jentene har sidan dei var heilt små kunna refrenget på sjølve tittellåta, om enn i litt modifisert versjon (We will, we will Wok you!), og eg følte meg ganske sikker på at det ville bli ein suksess. Det var rett!
Sjølv om vetlesyster sovna på fanget til far rett etter pausen har ho snakka om songane og enkelte av artistane i etterkant. Og Storesyster.....det var igrunn verd heile turen å sjå stjernene i augo hennar under showet og etterpå! Ho verkeleg strålte, og som ho sa seinare "eg måtte berre la musikken sleppa ut i kroppen!".


Det finurlege manuset henta små tekstbitar frå Queen-låtane, og det var stadige referansar til hendingar, artistar og musikk i samtid og fortid. Kombinert med knalldyktige artistar på scena, og kjempestilige visuelle effektar vart det eit fantastisk show!! (Og sjølvsagt var det STRENGT forbode å ta bilete, men eg fekk snik-knipsa nokon likevel ;) )

Skal du til London er dette verkeleg noko å få med seg!

7 kommentarer:

Lene sa...

Wow! Snakk om snikfotografering ;) Ser ut til at dere hadde greie sitteplasser også! Høres ut som en kjempe flott opplevelse, jeg vil også!!!

Annika sa...

Hørtes ut som ei herlig oppleving. Venninnegjengen planlegg ein tur til London i løpet av sommaren, og musikal står øvst på lista. Eg har veldig lyst å sjå denne iallfall. Får sjå kva for ein vi landar på :)

Trollkåno sa...

Ser det for meg....storesyster som let musikken "sleppe laus".......ei fin oppleving, vil eg tru........

Rønnaug S. sa...

Sannelig godt du fikk snikt litt, sånn at vi andre kan få se, om ikke høre :)

Anita Kristin sa...

Ser ut som ein kjempeflott Londontur. Musikal er kjekkt, har sjølv vore på Cats ein gong i tida. Fekk lyst på ein tur no, men får vente litt med det. Ja, det er rett og slett ein liten sak til å ha smykker i når ein er på tur, kjekke å samle dei på ein plass. Ha ein fortsatt fin kveld.

Nikoline sa...

De har hatt det supert-supert ser eg! Eg likte særs godt utsagnet til storasyste... for av og til er det berre slik ja,me må lata musikken (les:bluesen,for min del) sleppa ut av kroppen. Heilt rett!
I Brighton skulle eg vera utvekslingsstudent i si tid, hadde fått vertsfamilie og faktisk begynt å pakka då eg trekte meg... vart for langt heimafrå fann eg ut..Så eg fortsette på skulehaugen her i bygda - tryggast av alt.
Ha ein fin kveld:0)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så himla kjekt! Kan verkligen tänka mig att jentene storkoste sig.
Vi var och såg Billy Elliot när vi var i London senast, och det är bara så himla kjekt att gå på musikal i London. Stämningen är verkligen på topp! :-)

Hoppas du har haft en riktigt fin måndag. Och tack för dina alltid så snälla hälsningar. Må gott!

Related Posts with Thumbnails