fredag 7. januar 2011

Voss Kulturhus - bygdas nye storstove!

Igår tok rosafamilien turen til Voss, for å vere med på ei verkeleg storhending; Det nye kulturhuset vart offisielt opna! I prosessen med bygget har det vore mange og delte meiningar, om alt frå pengeforbruk til utforming. Eg har ikkje vore veldig engasjert, men når huset no står der, med glasveggar mot Vangsvatnet og moglegheit for å gå på taket, ja då syns eg det er flott!

Opningssermonien hadde nesten olympisk preg, med paraglidarar som landa på og ved sida av huset, fakkeltog, og noko som kunne minne om tenning av den olympiske ild. Med i denne delen av seremonien dukka dessutan ein av mine fine nevøar opp, som representant for dei yngre brukarane av huset. Kjempekjekt! Utvandra vossingar, som Kari Traa, Linda Eide og Arne Hjeltnes var sentrale i opninga, og fylkesmann Lars Sponheim fekk nok stjerne i margen hjå mange vossingar då han kalla Voss for "kulturbygd nr 1 i Noreg"!

Storesyster var utanfor kulturhuset tidlegare på dagen, då alle barneskulane i kommunen vart inviterte til å bygge isskulpturar rundt heile bygget (bildet nederst). Dei lyste flott opp i vintermørkret seinare på kvelden, når faklane inni var tende.
For vår del vart kvelden avslutta med flammeblåsaren på bileta - ganske imponerande! For dei 290 gjestene som var særskild inviterte vart det konsert i Kultursalen, der det i tillegg til talar og musikk vart overrekt ei gåve frå Voss Sparebank - eit splitter nytt konsert-flygel frå Steinway & Sons!
I mars skal me ha konsert med musikklaget i denne salen, og det gler eg meg verkeleg til. Særleg når gjestene er ingen ringare enn Gisle Børge Styve (jepp, han i Beat for Beat), og hans to kompanjongar!







Tillukka med den nye storstova, vossingar!

4 kommentarer:

Annika sa...

Så flott det såg ut, både huset og opninga! Eg spissa augene ekstra når eg såg overskrifta di!

Du må gjerne fortelje litt meir om huset :) Til meg altså, er vel ikkje alle som er spesielt interessert i organisering og innhold ;) Er der kino også? Stor sal/fleire? Kun kulturhus, ikkje samlokalisert med noko anna drift?

Det vert nok mange kjekke stunder her framover. Her snakkast det iallfall om tida FØR og ETTER Sjøborg...!

Men det spørs om eg må ta meg ein prat med herr Sponheim ;) Neida, han har sikkert berre ikkje vore på Hareidlandet :p

God helg!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Gratulerer med ny storstue!
Det skulle ikke forundre meg om flere med Styve-blod i årene skal spille der etterhvert. Det er musikk i det blodet, har jeg skjønt :)

God helg. Her snør vi ned.

Anonym sa...

Hei,

veldig kjekt å lesa om inntrykket frå opninga vår! Velkommen tilbake i mars.

Beste helsingar,

Tine Randen
kulturhussjef
Voss kulturhus

Patina-H sa...

Stas med nytt hus og fine bilder ! Gledar meg til mars :)

Related Posts with Thumbnails