torsdag 13. januar 2011

Reisefeber?



(Biletet er sjølvsagt lånt på verdsveven)
Om ca 27 timar går alarmen i Rosaheimen. Ja, vekkerklokkealarmen altså. Familien Rosa skal nemleg stå opp kl 03.45 natt til laurdag og setje seg i bilen for å rekke flyet som går kl 07.10 frå Flesland. På det vinterføret me no har treng me god tid til turen, og det ville jo vere dumt å stå att med kofferten i handa og sjå flyet med våre medreisande forsvinne opp i det blå (grå), ikkje sant?

Heile veka (og fleire veker før) har jentene hatt nedtelling, og særleg Storesyster har hatt tallause spørsmål om turen og byen og kva me skal gjere der. Musicalen "We will rock you" står på planen, og me har høyrt på musikken i bilen dei siste dagane. Dei små tuppene rockar til rytmane, så me får håpe der er ein liten danseplass mellom benkeradene som dei kan vrikke litt på. Me ynskjer oss i tillegg ein tur med det enorme pariserhjulet "London Eye", som visst skal vere fantastisk. Fellesprogrammet lyder òg på to museumsbesøk, men me får sjå kor mykje av dette me har tålmod til.....

Min plan er å komme meg på ein scrappebutikk eg har vorte tipsa om, som til alt hell skal ligge ein 7 minuttars spasertur frå hotellet vårt i enden av Oxford Street! Den siste dagen skal me dessutan til Brighton (og ingeniørane skal besøke ein motorfabrikk eller noko slikt), som skal vere full av bruktbutikkar og liknande. DER har eg tenkt å tilbringe tida medan dei andre ser på maskiner ;) (og har nokon tips til butikkar eller stader me MÅ sjå på dei 4 dagane me er i storbyen, så kom med dei!)

Så får me berre håpe at planen om å legge oss saman med jentene imorgon sler til, og gjer at me kan få ein bra dag laurdag òg, sjølv om den startar lenge før den burde. Rosamannen skal ha laptop med seg, men eg trur min skal få stå heime og kvile seg. Eg satsar på at eg får låne hans, dersom det skulle bli ein kveld eller to i ro og mak på hotellet med prinsessene.

Då er det berre ein ting å sei: Mind the gap!

(Og skulle nokon ute i den gale verda vurdere å avlegge Rosaheimen ein visitt medan me er på tur, så er det berre å gløyme; gode hjelparar har lova at verken huset eller katten vert einsame - på førehand takk for hjelpa!)

7 kommentarer:

Trollkåno sa...

God tur!
Håpar de får da strålande.......og at "London Eye" er "ope": det var stengt pga vedlikehald når me var der på same tid i fjor.
Me skal passe etter både pus og hus, som best me kan.

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Riktig god tur. Dette blir spennende for dere alle:) Når dere vender nesen hjem, er vi på tur til sol og varme!!!

Nikoline sa...

Og for meg er det berre ein ting og sei også... Riktig,riktig god tur!
Kos dekan (og fly forsiktig:0)

igi sa...

God tur, kos dere masse! London er en fantastisk by!
Klem fra Igi

rod i hob sa...

Heldige rosafamilien!!
Spent på å høyra koss London har våre MED barn. Eg kunne og tenkt meg det nemlig :-)

London Eye er flott -skulle ønske eg kunne gitt deg ett tips om å kjøpa billettar før dåkke reiste heimanfrå. Då hadde dåkke sluppe køen (Me var på sommaren forresten)

Men det går fint an å ordne det med å kjøpe seg forbi køen og. Det gjorde nemlig vi sist....!!

Håpa dåkke hadde det fantastisk :-)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Jag hoppas ni har det riktigt kjekt!!!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Gleder meg til bilder og reisebrev, og håper de har (eller har hatt?) det knallfint i London - ein spennande by. Skal dit kanskje i april!!

Klem!

Related Posts with Thumbnails