søndag 30. januar 2011

Puff

Må berre vise fram den VELDIG oransje puffen eg kjøpte på Brukt'n på Voss igår! For ein femtilapp var den min, og oppi er det litt oppbevaringsplass.

 Puffen lyser verkeleg opp der den står, men sjølv om den forsåvidt er i god stand, så er det ein del flekkar og slikt på toppen, som ikkje er så lett å vaske vekk. Difor tok eg like godt turen på Europris og kjøpte tråd som eg har tenkt å bruke når puffen skal integrerast i stova vår. Ved nærare ettertanke har eg òg noko høveleg stoff på loftet, som kan brukast i denne samanheng. Om prosjektet vert vellukka kjem det garantert eit "etter"-innlegg òg ;)


6 kommentarer:

Trollkåno sa...

Kjempefin puff!
Spennande korleis den vert når du har "behandla" den.......var no litt kul den fargen òg.

Ingrid sa...

Har ein heilt lik,tilogmed samme farge.
Hadde tenkt å trekke den om ,men den står her orange og "fin" endå.

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hehe...heime hos min far står det ein slik brun. Og oppi er det garn og påbegynt strikketøy etter mamma.

Ha ein fin dag! KLEM!

Rønnaug S. sa...

Den var skikkelig kul. Skal bli artig å se hva du får ut av den :)

Annika sa...

Så tøff den var! Er spent på kva planar du har med den :)

Takk for tante-gratulasjonar og god bedring-helsing :)

Ynskjer dokke ei strålande veke!

igi sa...

Så kul! Blir spennende å se slutt resultatet.
Klem fra Igi

Related Posts with Thumbnails