onsdag 19. januar 2011

London by night

Med ein liten montasje (som vert større om du klikkar på den) av bilete tekne den fyrste kvelden i London kan eg stadfeste at me har vore der, og komme heimatt. 4 heile dagar er på ein måte ein evighet, og på ein annan måte som eit lite knips i den samme evigheiten. Denne kvelden var den einaste me brukte for å sjå dei store turist-plassane i byen, og det du ser her er vel det me fekk med oss. Målet for kveldsturen var London Eye, som desverre viste seg å vere stengt grunna årleg vedlikehald. Skuffelsen var nok stor, men det var sjølvsagt andre ting og opplevingar som kunne plastre såret.



Å vere på storbyferie med jenter på 3 og 6 år er - ikkje uventa - noko annleis enn å reise berre vaksne. Når me i tillegg reiste som ei gruppe, der delar av programmet var lagt, følte eg kanskje at me fekk utnytta tida litt dårleg når det gjaldt å sjå byen. (og det kom nok mest av litt manglande planlegging) Det me derimot fekk gjort nok av var shopping! Sidan me budde i enden av Oxford Street mangla det ikkje på freistingar i så måte, og me besøkte både Disney-butikken, den 7 etg. store leikebutikken Hamleys, og litt klesbutikkar. Dessutan fekk eg lurt meg ein åleine-tur på ein scrappebutikk! Eg, som i utgangspunktet (faktisk!) ikkje er ei utprega shoppedame fekk iallefall stillt alle lyster og vel så det!
Dag 1 starta kl 03.45, og vart sjølvsagt litt lang, men veldig fin, og fylt av spenning og forventningar. Dag 2 var storesyster småkvalm og aldeles ikkje i form, men heldigvis forsvann det iløpet av den neste natta. På dag 3 tenkte eg me skulle hive oss på sightseeing-buss, men då var vèret så surt at det ikkje freista noko særleg.
No høyrest det kanskje ut som eg ikkje er nøgd med turen? Det er ikkje meininga - me har hatt det kjempefint, med kjekke opplevingar og veldig kjekke nye bekjentskap for meg og jentene. Storesyster hadde selskap i ei litt eldre jente, og Vetlesyster hang med så godt det lot seg gjere. Kva me gjorde den siste kvelden og den siste dagen lyt eg komma tilbake til i neste innlegg, for no har natta innhenta meg, og imorgon er det for alvor tilbake til kvardagen.

So long!

4 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei og hopp!
Kjekt å høyre litt frå turen. Og sjå litt bilder. Godt det var ein kjekk tur, for byferie med små barn kan vere so mangt. Gler meg til fleire bilder.

Klem!

Annika sa...

Flott bilde! Kan tenke meg de har hatt de fint ja :) Kjedlig at London Eye var stengt då, men då har de noko å gle dykk til til neste tur ;)

ha ein strålande onsdag!

Rønnaug S. sa...

Fantastiske bilder! Kjekt å se for oss som ikke har vært der.

Snart kommer jeg deisende inn på kontoret. Gleder meg til å høre mer :)

Lene sa...

Ser ut til at dere må tilbake til London ved en senere anledning ;) Når jentene er litt større er det sikkert ennå kjekkere med London-Eye og i tillegg en tur ut til Windsor og se slottet der! Håper det var masse kjekt på Blade, og at du fikk shoppa fra deg litt ;) Og du.. du må jo ikke lage så fine bildemontasjer, ser jo ut som du har kopiert et flott postkort nesten :P hehe! Må lære meg det der jeg også!
*klem*

Related Posts with Thumbnails