søndag 9. januar 2011

Heilage 3 kongars-fest

Idag har jola vorte avslutta heilt på skikkeleg her i Rosaheimen. All jolepynten er pakka sirleg ned (og måtte utvidast med ei ny kasse for å få med alt!) og rydda på loftet, og det kjennes både godt og vemodigt. Vemodigt fordi eg syns det er så fint med ljosa i vindaugene og på treet, og godt fordi det trass alt vert litt betre plass i stova utan eit stort tre midt i den!

Som fylgje av dette har eg fått eit par tankar om nokre ting eg vil flytta litt rundt på, men foreløpig er det mest oppi toppen denne mini-ommøbleringa føregår.


Men det er ikkje berre her i heimen jola har vorte avlsutta. Eg og jentene var til kyrkjes idag, på det som har vorte kalla Heilage 3 kongarsgudsteneste. Torsdag var 13. dag jol, og dagen som vert kalla heilage 3 kongars-dag, og denne vart feira i kyrkja vår idag. I gudstenesta fekk me høyre historia bak pyntinga av jolatreet, og det som stod i kyrkja hadde forutan ljos og glitter kun pynt som kunne haustast og puttast i munnen. Det var epler (og sjokoladekuler som symbol for det samme) - til minne om syndefallet, runde pepperkaker - som symbol på nattverdsbrødet, kakemenn og -damer - som symbol på Adam og Eva, hjerter - som symbol på Guds kjærleik, og stjerner - som symbol på Betlehemsstjerna


Som seg hør og bør i ein jolatrefest (men som ikkje er så vanleg i kyrkja), gjekk me rundt jolatreet og song tradisjonelle jolesongar. Små og store, unge og gamle hand i hand. Det syns eg er ganske fint!


Og til sist kom vel det iallefall den yngre garde såg på som høgdepunktet; det var tid for å hauste jolatreet! Ivrige hender plukka ned sjokoladekuler, epler og kaker, som alt saman gjekk ned på høgkant. Tilbake stod eit nokså ribba jolatre........


Eg syns det var kjekt å få litt jolatrehistorie, og haustinga passa godt med mi eiga "hausting" her i heimen. Eg har dessutan fått nokre idèar for neste års pynting...

Heilt til slutt litt sjølvskryt, for invitasjonen som vart sendt til alle familiar med born i barneskulen er det eg som har laga frå grunnen av. Som eg har nevnt tidlegare har eg ein kjempefin jobb, der eg i tillegg til dei meir tradisjonelle kontor-oppgåvene får leike designar innimellom. Det set eg stor pris på!

Då er det vel berre å samle krefter til ei ny veke, som nok vert fylt av spenning, litt reisefeber, og førebuingar til London-turen vår neste helg.

God veke!

2 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Den invitasjonen er bare så fin. Og sannelig ser det ut til at pynten forsvant i Vassvøre òg, som den gjorde på Vangen.

Kanskje jeg skulle finne fram bildene....

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så kjekt med sånne gudstenester. Alltig gøy når borna kan delta litt, syns eg. Derfor har eg alltig kost meg på skulegudtsenestene våre.
I bygda der søstra mi bur så er dei også flinke til å gjere litt ekstra ut av mange av gudstenestene. Takhøgda vert større på den måten.

Invitasjonen var kjempefin. Sånt får vi aldri i postkassen her.
Klem!

Related Posts with Thumbnails