måndag 24. januar 2011

Glede i lufta...

Her hjå oss har me ordentleg, skikkeleg vinter, i år som ifjor. Snøen har komme jamnt og trutt, sjølv om den (som dei siste dagane) òg har vorte avbroten av skikkelege regndagar. Det er perfekte forhold for snøholer og snømenn, og i helga var me ute og basa i snøen saman med kjekke nabogutar. Tyttene mine kosa seg voldsomt med å hoppe, skli og krabbe i snøen, og fekk friske roser i kjakane.
Medan eg lagde denne vesle montasjen kom eg på teksten på eit stempel eg har på scrapperommet mitt: "Det er glede i luften når snø faller fra himmelen". Det er sant. Så mange gledar seg over dei kvite massane, sjølv om det er mange slags utfordringar med måking og framkommelegheit.



Idag, då eg i ein viss fart skulle hente Storesyster frå SFO, og så ile vidare til barnehagen for å plukke opp Vetlesyster, klarte eg å køyre meg bom fast midt på skuleplassen! Eg kom utanfor området der snøen var flatpakka, og der ute var det minst 30 cm rein snøsuppe! Eg gjorde forsøk med å grave vekk sørpa rundt bilen, og ein bror kom og gjorde eit forsøk på å riksle bilen ut, men til slutt var det berre ein ting å gjere: Eg ringte til den snillaste pappaen eg veit om, og spurde om han kunne gje ei hjelpande hand. I mellomtida kom ei av dei tilsette og LEVERTE Vetlesyster til meg der på skuleplassen, sidan eg ikkje rakk stengetid i barnehagen. Og etter ei bittelita stund var pappa der, med sterk bil og like sterkt slepetau. På ein augneblink fòr me bakover, ut av suppa og inn på "fastlandet" igjen.

På slike dagar, meir enn nokon gong, kjenner eg at det er godt å bu i ei lita bygd, med familie og vener på alle kantar. Sjølv om alle i det daglege kan synast å ha nok med sitt er det alltid nokon som kan trå til når ein verkeleg treng det!

Hurra for bygda, og TAKK for hjelpa!

PS: tusen takk for koslege kommentarar på London-innlegga. Ein av dei gjekk på at den fyrste montasjen kunne vore eit postkort eg hadde kjøpt - det tek eg som eit kjempestort kompliment, og forsikrar samtidig om at alle bileta er mine, og montasjen likeså. DS.

4 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

HEi!
Først: Fantastisk fint i Brighton!! Har alltid hatt så lyst til å besøke ein av kystbyane sør for London, så dette var kjekt å sjå. Deilig avsluttning på turen tenker eg.

Og snikbildene dine fra musikalen var knallfine. Flott montert. Og alt som kjem frå barnemunn...!!

Flott montasje frå leik i snøen også. Godt med snille bygdefolk og gode vener og familie. KLEM!

igi sa...

Snø er herlig å leke i men ikke fult så morsomt å sette seg fast med bil i. Så godt å ha venner å famile som kan hjelpe til,
Klem fra IGi

Janne sa...

Godt dere er på plass igjen, tenker det va godt med en london tur...er litt missunnelig da;) det kommer til oss og skal du se. Gler meg til alle nye innlegg hos deg, er så imponert over skriveferdighetene dine, skulle ønske jeg hadde litt av dem:)
Er så fornøyd me meg selv i og med at jeg bare har bestemt meg for å søke, et stort steg det for en dame i min alder:)De har flott utdanning for grafisk design der og...hopp på da vel så kan vi bli tog kompiser :) http://www.norgeskreativefagskole.no/Utdanning/grafiskdesign/Om-utdanningen/

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så mange flotte England-bilder:) Ikke rart prinsesseøyne stråler!

Related Posts with Thumbnails