torsdag 15. desember 2011

Bygda mi på NRK1!

Har du sett serien "Folk" på NRK1?

I kveld benka me oss framfor skjermen, for no var det tid for ein halvtime med bilder frå den fine bygda mi, og den heilt eksepsjonelle Balkanfestivalen vår!
Fantastisk kjekt å sjå programmet, med ein av mine kjære brødre i "hovudrolla". Knallstolt, rett og slet!. Om du ikkje fekk sett programmet, eller vil sjå det ein gong til finn du det på NRK web-tv, her.


Når du har sett programmet finn du fram kalendaren, og merkar av 24. - 26. august 2012, for då brakar det laus igjen!

(jaudå, eg observerte meg sjølv òg, svingande til rytmane frå trubaci-orkesteret. Heldigvis med ryggen til! ;) )

laurdag 10. desember 2011

Forsmak på vinter

Denne veka har me hatt snø her vest. Fine, kvite dagar med leik og aking for jente på skule og barnehage, og ein ekstra tur ut i ettermiddagsmørkret. Med hardt snøføre kunne me finna fram den gamle sparken frå uthuset, til Vetlesyster si store gleda. Høge gledeskvin og store smil ljoma oppover bakkane når me fekk fart på farkosten! Men i helga har det vorte mildare, og trea er ikkje lenger kvite. Me får berre håpe at me får litt påfyll før jolehelga kjem, slik at me kjem i den rette stemninga! (joleførebuingar er det smått med foreløpig, så det vel eg å unngå å kommentere i kveld ;) )




God helg vidare!

søndag 4. desember 2011

Årets adventskalendar

... er noko som liknar på ein stige, men som eigentleg er eit butikkhylle-system som tidlegare huseigar har lagt att i uthuset. På den har eg knytt små og litt større pakker. Årets gåvepapir; gamle aviser, med raudt og sølvfarga pakkeband. Det er ikkje 48 stk, for jentene må fint tåle å få ein del felles gåver også.

"stigen" er skeiv og skakk, og min kjære måtte sage litt av den  for at den skulle stå sånn nokonlunde. I tillegg har eg hengt eit band inn på ein krok i veggen, slik at ingen skal få den over seg. Better safe than sorry!


Inni pakkane er det hårpynt, armband, laurdagsgodt, jolekoppar og aktivitetslappar, mellom anna. Aldri har det vel vore så lett å få jentene ut av senga som 1. desember!


Dette er vel den einaste joleførebuinga eg har gjort så langt, men jol vert det nok i år òg. Me har jo endå 19 dagar att!

laurdag 3. desember 2011

Kontrastar

15 dagar går fort - alt for fort. Og brått er me inne i adventstida. Ei tid fyllt av håp, ljos, glede og forventning. I morgon tenner med det andre ljoset, og er endå litt nærare jola. Men innleiinga på denne tida har ikkje vore heilt som den skulle..

Det heiter det seg at munnen (eller i dette tilfellet fingrane) renn over med det hjarta er fyllt av. I desse dagar er det den brå bortgangen til ein kjær onkel. I går var me i gravferd, og det var ein fin seremoni, men så uendeleg, meiningslaust trist. Tankane går til tante og 5 kusiner som plutseleg manglar mann, far og bestefar til ungane sine. Dei gode minna om somrane på feriebesøk då eg var lita, konfirmasjonar og bryllaup, og koslege samlingskveldar etter me vart vaksne - dei vil alltid vere med meg. Og ei sterk påminning om å ta vare på kvar einaste dag ein har i lag med dei ein er glad i.

Me veit aldri kva som ventar rundt neste sving - heldigvis!


Kvil i fred <3

fredag 18. november 2011

Frost - og varme

Den siste veka har me hatt kalde klare dagar. Vakre novemberdagar med den fyrste ordentlege rimfrosten. Kvar dag på veg til og frå jobb skulle eg gjerne ha stoppa mange gongar langs vegen og foreviga nydelege naturscener, men ikkje har kamera vore med, og endå viktigare - det går jo slett ikkje an å stoppe dei stadene det er aller finast, utan å skape farlege situasjonar. Dermed lyt eg berre suge til meg det eg kan med augene og hjarta. Eit par frostbilder utanfor huset har eg likevel fått.


 Veka har vore prega av noko så kjekt som masse grafisk arbeid, både på jobb og på fritida. Idag leverte eg joleutgåva av kyrkjelydsbladet vårt til trykkeriet, og det er alltid spennande å sjå korleis det artar seg når det kjem i posten. I tillegg skal eg framover ha den grafiske utforminga på eit anna kyrkjelydsblad - eller menighetsblad - som det heiter på den kanten av landet. Enno er eg ikkje skikkeleg i gang, men eg gler meg til det!

små iskrystallar vert nesten kunst...

Eg har slått meg til ro med at blogging må skje når tida tillet det, og det er visst helst i helgane. Ikveld er eg gressenke, sidan mannen har kurs for ei bedrift i Bergen, og eg har kost meg med laptop på fanget og vin i glaset. Eg har dessutan tjuvstarta litt på jola, og det er her varmen kjem inn!

mot-sol-bilde.

Heilt utypisk for meg, men når det kom ein førehandsbestillt CD i posten måtte eg berre høyre litt på den. Plata er Kjell Inge Torgersen's "Julelegender", og den har med ein gong segla opp som ei av mine favoritt-joleplater! I fjor tok eg med meg jentene  i Vangskyrkja då han heldt konsert der, og den opplevinga har eg ikkje gløymt. Tekstane har han stortsett oversatt sjølv, og det er berre så vart og vakkert, at håra reiser seg på kroppen og eg får "klump i magen" berre fordi det er så fint. Så, er du på utkikk etter å fornye jolerepertoaret, eller berre likar fin musikk, så kan eg verkeleg anbefale denne plata! No skal ho få kvile seg i CD-hylla mi til me iallefall har tippa over i desember.


God helg, då! (og god jol.......)

søndag 13. november 2011

Lilla juliet

Nokon strikkeprosjekt tek "evig lang tid" som Storesyster seier. Denne vesten har vore eit slikt prosjekt. 
I dette blogginnlegget, datert 10. mai var eg ferdig med vetleyster sin, og i gang med storesyster sin - for 3. gong, sånn ca. Etter å ha begynt på nytt igjen var det litt smått med inspirasjon, og dermed har ting teke tid. Sommaren har vorte haust, og nesten vinter, men då er det kanskje ekstra fint å ha ein vest i ull? Den er rikeleg stor (og vel så det), men når eg berre får somla meg til å setje i knappar, så vert den nok ganske fin på til den store sjuåringen min.


Den siste tida har inspirasjonen komme for fullt, rett og slett fordi eg ville begynne på eit nytt prosjekt. Og då er eg faktisk disiplinert nok til ikkje å begynne før eg har fullført det forrige.. *stolt*. Men NO er eg igang med neste prosjekt. Det er babyteppe - ikkje til meg ;)


Så står me for endå ei ny veke, som startar med ein tur til Hardingasete, og sidan går slag i slag. Eg gler meg, og brettar opp ermene til nye tak :)

Håpar du får ei god veke!

måndag 7. november 2011

Englar i samling

Eg har innsett det (på høg tid, vil kanskje nokon sei) - eg er ein samlar. Men nokon ting samlar eg meir bevisst enn andre. T.d. er samling av rot heller ubevisst. Hybelkaninsamlinga er heller ikkje godt gjennomtenkt. For ikkje å snakke om einslege sokkar-samlinga,  post-samlinga på kjøkkendisken, og skittenkle-samlinga i gangen.

MEN; den samlinga eg etterkvart er svært bevisst på, er englesamlinga mi. Sist helg fekk eg samla samlinga (!) i hei hylle på kjøkkenet, og eg er godt nøgd med resultatet. Ikkje absolutt alle englane er der, men dei fleste. Nokon må få vere på plassen sin i stova òg. Eg har bestemt meg for at i staden for å kjøpe tradisjonelle souvenirar når me er ute og reiser, så skal eg kjøpe ein engel med meg. Då me var i Bulgaria i sommar vart det denne brune som spelar gitar e.l. Han har visst fått seg eit kutt i augnebrynet, men eg likar han. Han er litt meir rustikk enn dei andre, på ein måte.


Denne står i skarp kontrast, i all si kvitheit. Den er det aller nyaste tilskotet til samlinga. Kjøpt på kremmerhuset for ikkje så mange pengar, og med ei stang opp av hovudet - kanskje litt makabert - med stjerneklemme på, til f.eks. å feste bordkort eller eit bilete i. Eg likar den òg.
Og så kan du jo gjette kva eg ynskjer meg til jol ;)


Det går ein smule trådt med blogging for tida, men eit og anna drypp vert det då... 
I kveld har me oppdaga at Vetlesyster er full i prikkar som snart vert til blemmer, og dermed var det berre å legge kabalen for resten av veka. Med vannblemmer i hus reknar eg ikkje med at ho kan i barnehagen før tidlegast neste mandag. Håpar berre at ho ikkje vert like hardt ramma som Storesyster vart då ho hadde koppane for snart 4 år sidan.
Håpar du får ei god veke!

måndag 31. oktober 2011

Fordelen med å kjøpe ny bil

For ei tid sidan investerte familien Rosa i ny bil. Vår kjære gamle "gullbil" hadde skremt oss meir enn ein gong, og når ein bur slik som me gjer, og kollektivtilbodet ikkje heilt går saman med henting, bringing, og helst litt jobb innimellom, så er ein verkeleg avhengig av å kunne stole på bilen.

Rosamannen tok turen austover for å hente vidunderet, som me har lært oss å verte glad i. 
Likevel er det jo ein del ting som skal lærast når ein har fått nytt køyretøy. F.eks. å køyre automatgir istaden for manuell. Denne biten går igrunn veldig fint, og eg kan med handa på hjarta sei at eg diggar automatgir!
Ein annan ting er at den nye turbo-motoren med bensin sparkar endå friskare frå enn den gamle turbo-motoren med diesel. Å hugse å fylle bensin istadenfor diesel har også gått bra.




Det er fint å ha ein bil som alltid går.
Det vil sei; det er med den nye bilen eg for fyrste gong har stoppa - midt på E16 - på veg til jobb. Og då snakkar eg ikkje om å køyre inn på eit busstopp for å ta ein liten pause. Nei, her snakkar me døyande turbo, ein bil som plutseleg ikkje har krefter igjen til meir enn nokre få meter, og som slett ikkje klarar å nå fram til utkøyrsla berre 50 meter lenger fram. Eg kom meg ikkje ein gong ut i grøfta!


Grunnen var det ikkje mykje tvil om: på dashbordet lyste bensinlampa friskt oransje. Det hadde den gjort sidan eg køyrde frå jobb dagen før, men av gammal vane tenkte eg at dette skulle nok gå fint, for det har det jo alltid gjort. Som ungane seier: FAIL! Det viser seg nemleg at reservetanken på den nye bilen berre er på 5 liter - halvparten av det me er vand med. Om dette er ein feil, eller om det faktisk skal vere slik, er eg framleis litt usikker på, men no veit eg det iallefall!
Tilbake til den aktuelle morgonen, så var rådyra gode. Heldigvis skulle min kjære arbeide heimefrå denne dagen, og heldigvis har eg ein pappa som har alt av drivstoff og andre remedier på verkstaden sin, og heldigvis går gamlebilen litt. Av og til. Så då var det berre å få ut varseltrekanten, og setje seg og vente på redninga.


Ei god veninne køyrde forbi og såg bilen der, så ho stoppa og ville sjekke at alt var ok. Dermed kunne eg slå ihjel tida med ein god prat der, midt på stamvegen. Og når Rosamannen berre hadde fått fyllt, diesel, olje og vatn (!) på gamlebilen, så kom han putrande til unnsetning! Eg kom meg på jobb, og dagen var redda.

Ein annan fordel med ny bil er telefonen Rosamannen fekk frå ein lokal blomsterhandlar sist veke: "Det ligg eit gåvekort på ein flott blomebukett til deg her hjå oss. Når vil du ha den?" Gåvekortet var frå forhandlaren, og fredag kunne eg hente ein aldeles nydeleg haust-bukett på veg heim frå jobb. Lett rødmande over oppstanden hjå floristen over "ny bil"-buketten, men godt nøgd med å få friske blomar i hus til helga.



Så får me håpe at nyebilen går som den skal i all framtid, når han berre får litt "mat", kjærleik og omsorg. Det treng me jo alle! 

God veke!

onsdag 26. oktober 2011

Kortfatta.

Søndag.
Opphaldsvèr.
Jentedag.
Bergen.
Naturhistorisk museum.
McDonalds.
Fotoutstilling "The last days of the arctic".
Korpskonsert med Rosamann på podiet.
Kamera med hissigt blinkande batterilampe.

Lita jente, stor dør. (Naturhistorisk museum, Bergen)
Døgnet har for få timar, veka for få dagar. Men no ser me ljoset i tunellen :) God veke vidare!

tysdag 18. oktober 2011

Haustonn i hagen


Haust

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.

-Per Sivle, 1909-


Det er ikkje tvil om at sommaren er over. Fuglar og blomar forsvinn, slik Per Sivle skildrar det så fint. Lauvet forsvinn òg - iallefall frå trea. Platningen vår er omringa av skog, og dermed vert det mykje lauv på denne tid. Sundag var det deilig opphaldsvèr med glytt av sol, og Rosafamilien var ute og gjorde hagen vinterklar.


Møblar vartflatpakka og satt under presenning, grillen er vaska etter alle kunstens reglar, og sidan me var så godt i gang var det like greit å sope saman lauvet på uteplassen. Vetlesyster syns det  var mykje kjekkare å hive det utover igjen, men kunne til naud få det bak murkanten når mora kom med halvnøgde utrop over "hjelpa"


Med det var haustferien også over, og ei ny fullpakka veke er igang. Håpar du får ei fin ei!


søndag 16. oktober 2011

Vin, Voga, Voss, Vatn

I dag sendte eg min kjære på polet for å kjøpe noko godt til laurdagskvelden. Eg likar raudvin, anten det er i festleg lag eller eit glas for meg sjølv i godstolen. Sjølv kjøper eg nok det ekspertane ville kalle dårleg vin, men som eg likar likevel. Helst med skrukork, for då er oppbevaringa så mykje enklare ;)

Men Rosamannen visste ikkje heilt kva kona ville ha, så han gjekk for design! (Jaudå, eg har kjøpt vin både for flaska og/eller etiketten si skuld, eg òg). Og under er altså resultatet: Quattro VOGA, Italia. Syns du at du har sett flaska før?

Det kan stemme, for under ser du det ekskulsive Voss-vatnet. Flaska ser heilt lik ut - ja, til og med skrifttypen er slåande lik! Eg lurar veldig på kven som har kopiert kven?
Og sidan eg er i det undrande hjørnet: på VOSS si eiga heimeside står det faktisk noko som hentydar til at dette vatnet er tappa på sjølve Voss (Voss Artesian bottled water is taken from a virgin aquifer that, according to the company, has been shielded for centuries under ice and rock in the untouched wilderness of Central Norway.) . Eg tør påstå at fyrste gong dette vatnet har vore i nærleiken av bygda, er når det kom i ein lastebil full av flasker.....

Jaja, vinen er iallefall god, og når flaska er tom skal den IKKJE til attvinning, men brukast til "noko" her i huset.  Blomevase. kanskje?

God laurdagskveld!

laurdag 8. oktober 2011

Laurdag + haustsol = utferdstrang!

Det har vore ein heller våt haust. Endelause regnversdagar, og undring over at det aldri vert tomt der oppe! Difor set me òg enormt pris på det når det endeleg kjem ein vakker haustdag med SOL, slik at me kan sjå kor vakkert det faktisk er ute! På slike dagar får eg maur i kroppen, og må ut, ut, ut....



Min kjære har hatt ekstrajobbing idag, og det var difor me jentene som måtte legge ut på tur, om det skulle verte noko. Dermed var det eit par plassar som vart ekskludert med det same. Etter tips frå bror min, og utlån av to motivatorar på 9 og 11 år, la me i veg, med Eljesstølen som mål.  Det er nesten litt flaut, men eg har antakeleg ikkje vore der på iallefall 10 år, om ikkje meir. Likevel var det mange stader som var kjende, og minna frå skiturar i barndomen dukka opp ved synet av ei gamal grind, ei hytte, og ein bratt sti gjennom skogen.


 Kameraet har stått på heil-manuelle instillingar heile turen, og det har gjeve litt ymse resultat. Det er ikkje alltid like lett å treffe både lukkartid og blendaropning når ein skal "trekke av" i ulike situasjonar, men iallefall nokre av bileta vart eg fornøyd med. Me såg både gneistrande vakre haustfargar, og spor av nysnø (!) langs vegen.



Kjekt var det òg at det var folk på stølen når me kom fram, så dei små fekk endå fleire å leike med, og me kunne sitte i solveggen og nyte dagen. Og til alt hell: når storesyster hadde ramla seg uti myra og var våt til langt over knea, då hadde husfolket eit par turre plagg å hjelpe oss med. Tusen takk!



Etter ein slik dag er det ekstra godt å kroe seg i godstolen, med litt raudt i glaset, og min kjære endeleg heime!
Måtte det verte mange fleire slike dagar utover seinhausten!

fredag 7. oktober 2011

Gåve som varar evig.

I tillegg til kjekke helsingar i lange baner på bursdagen min, fekk eg òg fleire fine gåver. Ei av dei var eit kort frå mi gode veninne Lene, som er ei superflink scrappe-skreppe!

Denne gongen fekk eg noko eg aldri har sett før: eit evighets-kort! Det kunne opnast igjen og igjen, og plutseleg var og komen rundt, og kunne begynne på nytt. Knallstilig, og eit aldri så lite mysterium!






Stilig, ikkje sant??
Tusen takk, Lene! Både for kortet, og for kinobillettar med lovnad om barnevakt. DET høyrdest digg ut :)

Fredagskveld, utom huset piskar regn og vind, og inne er det fyr i ovnen. Eg er 'gressenke', og klarar ikkje bestemme meg om eg skal invitere nokon på besøk, ta meg ein tur på arbeidsrommet og gjere noko kreativt, eller berre sitte her med PC'en på fanget når ungane er i seng. Iallefall er det godt med helg!

God helg til deg!

tysdag 4. oktober 2011

Talet er 31

Jepp, 31 er mitt tal, frå og med idag. Eg føler ikkje at det tyngjer, men det kjennest litt framandt.
Når ein er 31 år skal ein vel vere både vaksen og moden. Eg er litt usikker om eg er heilt "der".


Dagen har iallefall vorte feira med heidundrandes regn- og torevèr (som ifylgje det eg har høyrt betyr at eg ikkje har vore særleg snill i året som har gått ;) ), og ein svært livleg haustbasar på Frelsesarmèen, der Storesyster syng i kor, og ikveld debuterte som solist. Veldig kjekt!

Gåver ha det også vorte, både heimelaga og innkjøpte. 3 digre, langstilka roser hadde min kjære med seg heim etter jobb, og det er ingenting som luktar så godt, og er så vakkert som djupraude, fløyelsmjuke roser! Eg er dessutan døyvd, intet mindre, over dei utruleg mange helsingane eg har fått via sms, facebook, og varme klemmar frå folk rundt meg. Det er kjekt å ha bursdag!


Med ein halvtime att av dagen min ligg beina høgt, og eg avsluttar kvelden i rolege former saman med min kjære Rosamann.

Takk for seg!

måndag 3. oktober 2011

Er det Soria Moria?

Noko av det som facinerer meg aller mest, og gjer at eg må springe og hente kamera i ein fart, er lys og stemning. Og vakkert lys manglar det ikkje på når sola går ned bak fjella, og sender lange raude strålar opp mot den lettskya himmelen i vest. Akurat den har eg utsikt til frå huset mitt!

I kveld såg det ut som sjølvaste Soria Moria slott låg der bak fjella, og eg måtte prøve å fange det med kameraet mitt.



På fotokurset har me snakka mykje om bruk av histogram, og at det helst aldri skal "stange i veggen", verken på den lyse eller mørke sida, fordi ein då mistar informasjon i bildet. (Forklaring: histogrammet viser mengda av mørke og ljose punkt i bildet, og dersom kurvane går utanfor verdiane, betyr det at eit eller fleire felt består av berre heilt svarte punkt, eller berre heilt kvite punkt - altså ingen informasjon/detalj) For å illustrere dette; sjå på dei to bileta under. Det første i original, det neste er behandla i photoshop, slik at all billedinformasjonen i dei tilsynelatande svarte punkta trer fram. Litt stilig, syns eg, sjølv om det øverste av dei to er det finaste.



Denne veka var oppgåva å leike med dybdeskarphet, men der har eg visst komme til kort. Spørs om ikkje eg må ta ein stopp på veg til jobb i morgon, og finne eit motiv eg kan øve meg på...


Ha ei fin oktober-veke!

Related Posts with Thumbnails