laurdag 1. januar 2011

2011

... er her.

Me feira det nye året hjå svigerforeldra mine, der me har vore sidan onsdag kveld. Turen dit, som vanlegvis tar i underkant av ein time, brukte me ca 3 timar på denne kvelden. Grunnen var at bilen vår fann det for godt å byrje å trekke til høgre kant medan eg køyrde. Nokre små nykk først, og sidan meir og meir, før det berre var dunkelydar og eit ratt som rista. I sniglefart inn på næraste avkøyrsle og deretter ringe Falken og svigerfar, for å hente henholdsvis bilen og oss. Alt gjekk fint, og det er ikkje veldig alvorleg fatt med bilen, men nok til at me måtte låne svigermor sin bil då me skulle køyre heimatt ikveld.

Dei siste dagane av året har me kosa oss med Bestemor og Bestefar. Me har gått jolebukk, vore ute og aka, sett på tv og ete snop og god mat. Sjølve nyårskvelden kasta vetlesyster inn handkleet allereie klokka halv ni, medan Storesyster kjempa seg vaken til ein god time av det nye året var overstått og rakettane var sendt til himmels.



Men idag ville me heim. Me sakna huset vårt, rett og slett. Storesyster var så glad for å ligge i senga si ikveld, og eg og Rosamannen nyt å sitje i vår eiga stove - i vårt eige hus. Og det er IKKJE fordi me ikkje har hatt det bra der me har vore... det er berre så godt å komme heim :)


Så får me sjå då, kva 2011 kjem til å innehalde av gleder, sorger, overraskingar og utfordringar. Det fyrste me har å gle oss til er ein tur med heile familien (og mannen sine kollegaer) til London om 2 veker. Det vert spanande å reise dit med prinsessene, og ein må sjølvsagt legge opp programmet anleis enn me elles ville gjort, men me syns det er kjekt at dei òg kan få vere med når mor og far skal på langtur!

Dagens bilete er av dei to nydelege snøkulene me fekk til jol. Den nederste spelar endåtil "O, Tannenbaum" når ein trekkjer ho opp, og toget går rundt og rundt. Kjempefin! Det er også den fornøyelege englejenta i den øverste, som me fekk av gode vener. Begge prydar flygelet i stova - iallefall denne jola.

Håpar du har hatt ei fin helg, og ein god start på eit nytt år!

torsdag 30. desember 2010

Det rosa året - 2010

Det er tida for årskavalkadar, og her i det rosa universet har dette vorte meirso ein tradisjon! Eg syns det er litt kjekt å sitta og scrolle meg igjennom månadane med innlegg, mimre litt og gremmast litt ;) So, here we go:

Det rosa året - 2010

Januar kom med sprengkulde, og eit aldri så lite mareritt starta, med frose vatn i røyra, og deretter dryppande vatn i vindaugskarmar og langs ytterveggane innandørs. Men ute var det vakkert, vakkert!



Vinteren gjekk hald fram i Februar , med meir vatn i huset, ein lett invalidisert rosamann som hadde vore for tøff i vedaskog (og deretter gjorde eit lite stunt på ski), og der eg tok oppatt gamle kunstar på scrapperommet etter ei lang pause. Eg var også på kurs i Adobe Photoshop, og leika endå meir enn før med eigne foto.


Så vart det mars, og vinteren fortsatte til midt i månaden, då vestlandsvèret sette inn på nytt. I korpset eg leiar hadde me eit storprosjekt med vokalensemblet Stilett frå hovudstaden, og alt arbeidet var verkeleg verd det når kvelden vart ein stor suksess! Storesyster nådde ein milepæl då ho mista si fyrste tann, og me lada opp til den store turen til New York, samtidig som me pakka hus og heim ned i kassar.


Så kom april, med påskefeiring og løfte om vår! Familien Rosa flytta ut av huset og heim til foreldra mine, før eg og Rosamannen reiste til på den fantastiske 10-dagarsturen vår til New York! Medan me var "over there" starta oskekrisa som lamma "heile verda", men på nesten magisk vis gjekk flyet vårt som det einaste heimatt over Atlanteren.


I mai var det mykje jobbing i huset, særleg med bad (bildet) og stove. Jentene fekk seg Hausbunadar til konfirmasjon og nasjonaldag, og i naturen skaut det fram med vakre blomar.


I juni feira eg 50 000 besøk i det rosa universet med ein give-away. Storesyster hadde innskrivingsdag på skulen, og i huset fortsatte me med oppussinga av stove og bad. Me feira dessutan jonsok, og eg fekk meg ein tur til hovudstaden.


Juli - sommarmånaden - starta med ei fantastisk badekar-historie! Oppussinga gjekk sin gang, og familien Rosa reiste på ferie sørover, til hyttebesøk og dyrepark, der Storesyster vann tidenes største tivoli-bamse.

Så kom august, som blei ein svært innhaldsrik månad - på (mest) godt og (litt) vondt. Eg nemner i fleng; eg og rosamannen hadde ull-bryllupsdag, (som Rosamannen benytta til å hente ei ny dame til huset) og hadde ein tur til Biri og Mjøsmarknaden. Jentene fyllte 3 og 6 år, storesyster byrja på skulen, me flytta heimatt i huset vårt, og hadde dugnad for å få teke ned skifertaket. Den siste helga i august reiste eg til Spania på studieveke, men avreisa vart utsett med ein dag, då Storesyster vart påkøyrd rett utanfor huset vårt.



Så var det september, som for meg starta på den spanske solkysten, på sjømannskyrkja El Campanario. Fantastiske omgjevnader og fantastisk mat, i svært godt selskap! Vel heime kunne me nyte fantastiske haustdagar, og eg kunne endeleg vise den ferdig-oppussa stova mi, saman med før- og undervegsbilder.



Oktober er MIN månad, og dette året ekstra mykje, sidan eg runda 30 år. I oktober kunne me òg senke skuldrane, for då vart det nye taket på huset ferdig. Som i september hadde me vakre haustdagar, og -kveldar! Eg kunne vise fram det ferdige badet, og på grunn av bloggen og huset vart eg kontakta av ein journalist, og enda opp som midtside-pike i lokalavisa.


I november vart det eindel scrapping, både frå meg sjølv, og frå flinke damer som forærte meg nydelege gåver. November kom dessutan med kuldebylgje og eit fantastisk blått vinterljos over bygda, og frostroser, som eg kunne forevige med mi nye makro-linse!


Som alle år tidlegare, kom desember til slutt. Kulda har vore konstant, og snøen har etterkvart lagt seg som eit teppe over landskapet. I den vesle bygda har me hatt jolemarknad, og 2. sundag i advent tok familien Rosa turen til ein heil by av pepperkaker. Sjølv tjuvstarta eg nok litt på jola, då min kjære kom heim med eit fantastisk Canon 7D kamera, og imellom Luciaopptog og jolatrefestar har me sakte men sikkert gjort førebuingane til den store høgtida.

Og no er jola snart over, saman med heile 2010. Det har som dei fleste andre år hatt sine opp- og nedturar, sine sorger og gleder. Men alt i alt må me sei at me er privelegerte, som har friske ungar, tett tak over hovudet og vener og familie rundt oss. No ynskjer me eit nytt år velkomen, og me håpar det vert minst like bra som det som snart er over!!

Det er ikkje sikkert du har hengt med, men eg vil likevel heilt på tampen av innlegget - og året - takke for fylgjet her på bloggen. Takk for fine kommentarar, ros og trøyst eg har motteke frå vener der ute eg aldri har møtt (og nokon eg kjenner i større eller mindre grad). Eg håpar me får mange gode bloggstunder også i 2011.

Godt nytt år,
og takk for det gamle!!

måndag 27. desember 2010

Lego

Litt leiking med makro og nytt kamera, og litt kvardagsblogging i kombinasjon. Jentene fekk Lego politistasjon (og brannstasjon, Toy Story-tog og Ponny-farm) til jol, og me har brukt dei siste dagane på teikningar og klossar i fri flyt over stovegolvet.  Eg syns det er facinerande kor mange stilige detaljar ein kan lage med dei små klossane, og kor mykje detaljar og effektar ein kan lage med eit par klistremerker som prikk over i'en. Storesyster er dessutan i ferd med å bli ein racer med å lese arbeidsteikningar, og igår før me vaksne var stått opp var ho med Vetlesyster som assistent godt igang med å bygge brannbil.




Det har vore deiligt med eit par dagar utan vekkerklokke, med tid til å bygge, slappe av, sjå teiknefilmar og ete god mat. Idag og imorgon er det arbeidsdagar for min del, men så skal me ha fri igjen til neste veke (ja faktisk neste år!).

Håpar du nyt melsdagane, du òg!
Related Posts with Thumbnails