21. desember.
3 dagar att til jolefreden forhåpentleg senkar seg over heimen og bygda. Dagen idag har eg held meg heime, med ein lur på sofaen og ellers roleg aktivitet. Litt snufs og tufs, hoste og hovudverk, men ikkje verre at eg reknar med å ta siste innspurt på jobb imorgon. Litt jolehandel står òg att, sjølv om gåver og kort er "i boks".
Den fine ljoslenka med rosa englar, som eg kjøpte på Søstrene Grene ifjor, heng i den nye opningen i stova og lyser opp. Under er bilete av ei trekyrkje eg kjøpte på årets jolemarknad. Eg syns den er fin der ho står og spreier ljos gjennom sprosseglas.
Ikveld har me fått pakka inn alle gåvene, og skrive på konvoluttane til alle jolebreva. Eg har i fleire omgangar undra meg over forskjellen mellom kvinner og menn, utan at eg skal la dei funderingane få sitt utløp her i bloggen - iallefall ikkje ikveld ;)
Håpar du der ute kosar deg med førebuingane. Er det noko som er sikkert, så er det at jola kjem - enten me er klare eller ikkje!