torsdag 9. desember 2010

Canon EOS 7D

God jol, alle bloggvener!

Eller,... nei.... det var visst berre eg som hadde tjuvstarta. Då eg henta posten idag låg det ein cd der, i ein konvolutt utan verken mitt eller avsendaren sitt navn på. Det må nok ha vore nissefar som har hatt eit lite
 pre-season-oppdrag ;) Inni låg Dizzie Tunes si fantastiske joleplate frå 70/80-talet, med musene Trill og Trall. Nokon andre som hugsar den? Me hadde den på kassett i barndomsheimen, og når eg høyrer dei fornøyelege musestemmene kjem jolestemninga som kasta på meg!

Men ikkje nok med det! Då mannen min kom heim, gjekk han med noko bak ryggen. Posen var frå Japan Photo, og innhaldet....var eit nytt kamera: Canon EOS 7D!!
Kort fortalt; tårene spruta og Rosa var målbunden ei heil stund!

Eg har fått testa litt ikveld, og det er verkeleg ein forskjell frå mitt EOS 350D, som har gjort nytten i 4 år no. No gler eg meg enormt til å forske vidare på dette nye vidunderet. Korleis eg har gjort meg fortent til ei slik fantastisk gåve veit eg ikkje, men at eg har den beste mannen er eg ikkje i tvil om! Tysdag denne veka feira me faktisk at det var 14 år sidan me vart kjærastar <3

bilete teke inn i "veggen" på flygelet, som står rett attmed godstolen min. Litt kul effekt i den slitne lakken.

Min kjære har òg testa det nye vidunderet, og resultatet vart jo ikkje så hakkande gale ;)
Canon EOS 7D (bilde frå nett)
Imorgon skal eg ha fri-fredag, og den skal nyttast til ein bytur, med jolehandel på tapeten. Eg trur nok ikkje D7'en kan bli med på eit slikt eventyr, men imorgon kveld, DÅ skal me leike igjen :)

God fredag i vente!

onsdag 8. desember 2010

Ein by av pepperkaker!

I år hadde eg tenkt at jentene skulle få ferdigproduserte adventskalendarar, kjøpt på ein leikebutikk. Lego eller PetShop eller noko. Men, då Storesyster med bedande blikk lurte på om ikkje eg kunne laga pakkekalendar slik eg hadde gjort før, var eg ikkje så tung å be.

Nokon dagar får begge pakkar, andre dagar berre ei av dei. Og nokon dagar ligg det berre ein liten lapp inni pakkane. Sundag var ein slik dag, og på lappen stod det at me skulle reise til Bergen og sjå på pepperkakebyen. Som sagt, så gjort (bileta blir større om du trykker på dei):


 Eg har aldri vore i denne byen før, men syns det høyrdest kjekt ut, og gleda meg nok like mykje som jentene. Og eg må sei eg er djupt imponert over alle dei fantastiske kreasjonane frå skular, barnehagar og privatpersonar. Tilogmed ein god del bedrifter har laga sine eigne bygg i den brune kakedeigen, og pynta dei etter alle kunstens reglar - og nokon til!

Byen var populær, for me stod ganske lenge i kø for å komme inn, og gjekk meir eller mindre i kø under heile besøket, men det vart likevel mogeleg å knipse litt i det blå ljoset inne i plasthallen som byen no er plassert i, midt på Torgalmenningen i Bergen. Om du bur i byen har du sikkert vore innom, men om du skal på besøk, så kan eg absolutt anbefale ein tur til Bergen i pepperkakeformat!

søndag 5. desember 2010

Jolemarknad i (Skomakar)Gato

Det har vore ei aktiv helg i Rosaheimen. Eller, sagt på ein annan måte - me har ikkje vore så mykje innom i Rosaheimen denne helga.
Igår var det jolemarknad i bygda, og det er alltid kosleg. Den spesielle gata med trehus frå 20-talet har ei heilt spesiell stemning, og mange veit å setje pris på dette. I år var marknaden for fyrste gong lagt til ein laurdag, og salsutstillinga var utvida til to ganske store salar. Masse fint og flott og godt, for både auga, kroppen og smakssansen. Jentene var med på joleverkstad, og kom heim med nokre eigenproduserte ting som kanskje havnar under jolatreet om nokre veker..? Me shoppa litt, men det får komme seinare. Idag vil eg berre vise dykk bildene frå den koslege sentrumsgata i den vesle bygda mi, som så ofte - særleg på denne tid - minnar om Skomakergata slik me såg den på barne-tv. Rett nok kjem bileta i feil rekkefylgje - men dog. Heilt nederst er biletet av dei fine blånissane mine, i rykande ferske huer og vottar som mammo mi har strikka. Tusen takk - jentene er superfornøyde (og foreldra òg)

Jolemarknaden vart avslutta med jolegrantenning, og då stillte me som vanleg opp for å spele litt. Det gjekk så som så;  med minusgrader og sur vind fraus ventilane på det eine instrumentet etter det andre, og me måtte faktisk til med raudsprit for å klare å tyne ut nokre spinkle jolesongar. No spørst det om kornetten burde få seg eit bad før den skal brukast igjen...










Ha ei retteleg god adventsveke!
Related Posts with Thumbnails