fredag 3. desember 2010

Desemberkulde, og -varme

Seint fredagskveld etter ei travel desemberveke. Kulda har vore her heile veka, og det einaste som gjeld når me kjem heim på ettermiddagen er å fyre i ovnen. Hardt!

Igår kveld var eg og Vetlesyster "åleine" her, og då var det aller best å ta plass framfor ovnen i stova med puslespelet. Ho er ein kløppar på puslespel, akurat som Storesyster var på samme alder.

Imorgon vert det jolemarknad i bygda vår, med salsutstilling, kafè, joleverkstad og jolegrantenning. Og ei driftig kunstnardame som har busett seg i eit av dei gamle husa i "sentrum" opnar utstillinga "En anelse rødt", der ho har gjort eit av dei mange romma i det store huset HEILT raudt. Eg satsar på å få teke bilete der, og av alt det andre som skjer i den fine bygda imorgon. Akurat no er det nok lurast å finne senga, så me er fit for fight når morgondagen kjem.

Sov godt de der ute!

tysdag 30. november 2010

Fine gåver frå flinke scrappedamer!

Å få gåver som er eigenproduserte er alltid stas. Og særleg når "avsendar" er så superflinke scrappedamer, og gåvene er så inspirerande fine!

Frå ei veninne fekk eg og Rosamannen denne sjokoladeboksen ilag. Knallfint laga, med fargelagt stempeltrykk (åh, som eg har lyst til å lære meg det!), blomar og metallpynt. Ei smart løysing med magnet-lås, og ei lomme inni, der det tilogmed var hekta ei pengegåve. På undersida var det dessutan stempla vakre ord om kjærleik. Ei kjempefin gåve - tusen takk, Lene!!



Ei anna scrappedame som er til stor, stor inspirasjon er Rønnaug, min gode kollega og veninne. Ho er så fantastisk kreativ, og har alltid nye måtar å gjere ting på, nye teknikkar som må prøvast, og som ho gjer til sine. Denne gongen var ikkje noko unntak, då ho på vegne av alle på kontoret hadde laga ei trådsnelle "til ho som samlar trådane for oss", som dei sa ;) Når eg tok av bandet stod det ei helsing på pairrullen, og når eg løfta av toppen låg det ei pengegåve der, som vart utslagsgjevande då eg bestillte meg makro-linse for eit par veker sidan :) Tusen takk, Rønnaug (og til dei andre på kontoret).
Idag har eg og Vetlesyster vore heime og fyrt i ovnen. Ho var ganske pjusk i går ettermiddag, og har fortsatt med hoste, snørr og litt feber idag, så ein roleg dag trur eg var lurt. Mor kjende det gjorde godt, ho òg, å ha tid til å tusle litt rundt. No lyt me likevel ein tur ut av huset for å hente Storesyster på SFO, men det trur eg nok går bra. Den vesle tutta har sidan midt på dagen lurt på om ikkje pappa og storesyster skulle komme snart ;)

søndag 28. november 2010

Heilnorsk advents"stake"

Så er me komne dit igjen. Fyrste sundag i advent. Starten på den fine ventetida!

Her i rosaheimen har me fått opp både stjerne og eit par lenkjer med ljos, og konstatert at det må litt innkjøp til, sidan den tradisjonelle pyramidaforma ljosestaken med 7 ljos lyste som sjølvaste sola då me plugga den i. Ein tanke bekymra for overspenning og branntilløp plugga me den fort utatt, og lempa den ut or huset.


Meir suksess var det å ta i bruk norgesglasa i 4 ulike størrelsar som eg kjøpte på Brukt'n på Voss på fredag. Etter ein god vask hadde eg litt kvit sand i botnen, danderte med lilla hjarter og brun hyssing, og til slutt eit telys i kvar. Syns det vart ganske så fint der i kjøkkenvindauga!


Og når eg fyrst skriv om norgesglas og Brukt'n........

 Dette stilige stativet i smijern fann eg òg der. Opprinneleg hadde det vore ei skål på kvar av dei 6 ringane, men skålene var det nokon andre som hadde kjøpt. Eg syns stativet var så kult, og sidan eg allereie hadde vore innom avdelinga for norgesglas tenkte eg at det gjekk an å putte slike oppi ringane. Einliters-glasa vart for små, og toliters-glasa gjekk ikkje an å tre igjennom. Men når den lure rosamannen fekk sett litt på saka, så lurte med det til likevel! Dei fylgde same oppskrift: ein god vask, kvit sand, og oppi med ljos. Stativet står mellom dørene på kjøkkenet, der det passa heilt glimrande som stemningsskapar!

Jolehandelen er me overraskande godt igang med, syns eg. Og no i adventstida skal me bake og førebu oss etter alle kunstens reglar. Me fekk ein fin start, eg og jentene, då me var på familiekonsert i Vangskyrkja, om den vesle engelen Gabrielle. Imorgon vert det pakking til årets jolekalendar, og sidan er det berre å køyre på. Eg likar adventstida, og skal kose meg med det som skal gjerast før jola plutseleg står og bankar på.

God veke, og god adventstid!
Related Posts with Thumbnails