fredag 26. november 2010

Frostroser i makro

Som eg har nevnt opptil fleire gongar før, fyllte eg 30 år i haust. Til dagen fekk eg fleire pengegåver, og lenge har eg hatt eitt stort ynskje på lista mi: makro-objektiv. Og no - no er det mitt! Canon EF-s f.2,8 Macro USM er den tekniske nemninga på det, og det er superfint!

Det kom på onsdag, og eg har berre såvidt fått testa det, m.a. på frostroser i klokketårnet på kyrkja her i bygda! Der skal eg forøvrig vere på jobb ikveld, når ein flokk 11- og 12- åringar skal vere "Lys Vaken", for å feire det nye kyrkjeåret som startar no i helga, med fyrste sundag i advent.



Eg gler meg, og det håpar eg dei òg gjer!
God fredag!

onsdag 24. november 2010

Måneljost

På veg til jobb idag hadde eg faktisk eit par minuttar til overs OG kamera med meg i bilen. Når det i tillegg var eit fantastisk måneljos over vatnet i bygda måtte eg sjølvsagt stoppe og knipse eit par bilder i det vakre, kalde novemberljoset.


Me har fått ei skikkeleg kuldebylgje inn over oss, med blå grader ned mot det tosifra - og verre skal det bli. Då er det godt med isolert hus, varmepumpe og gode vedomnar!

måndag 22. november 2010

Hjarteleg helsing

 Då eg og Rosamannen feira 30-årsdagane våre for nokre veker sidan fekk me mykje fint. Eg har tenkt å vise fram eit par av gåvene, og startar med denne fine "ramma" som no heng på kjøkkenveggen min.

Eg veit ikkje om det er akurat der den skal henge, men eg fann ein ledig spikar, og sånn vart det. Ramma er visst kjøpt på butikken "Den franske landstil" utanfor Stavanger, og den passa igrunn veldig fint inn i Rosaheimen, sjølv om her ikkje er så mykje fransk landstil å spore sånn ellers.



Dei fine nostalgiske korta som fylgde med lyt få henge der, og eg tenkjer at litt etter litt kjem det nok eigne bilder og fyller dei fine klemmene av ståltråd.



Då er det jammen leggetid igjen, og me er igang med den siste veka i november. Me er lova tosifra kuldegrader utover veka, så me får berre håpe at me klarar å halde varmen innomhus, iallefall!

søndag 21. november 2010

Giveaway hjå Igi

Flinke Igi har lansert ein jole-giveaway, der 3 heldige vinnarar får 4 vakre snøkrystallar som Igi har hekla. Eg er med i lotteriet - bli med du òg!
Related Posts with Thumbnails