laurdag 20. november 2010

Engle-heading


Det er vel nesten så eg kan døype bloggen min om til engle-univers, sjølv om englane i dette tilfellet er rosa, dei òg. Av og til kjem behovet for fornying som kasta på meg, og no vart det altså ny heading her i universet.

Ikveld er det jentekveld i Rosaheimen. Min kjære er vekkreist i 40-årslag til eit søskenbarn, og vetlesyster har for fyrste gong overnattingsbesøk av ei lita veninne her heime. Eg håpar det vert ein roleg kveld, og satsar på å komme meg tidleg i seng, for eg reknar med Tuppen & Lillemor vaknar ei stund før det lysnar av sundags morgon....

Håpar du har ein fin laurdagskveld, du òg!

torsdag 18. november 2010

Englenytt i Rosaheimen

Honey - I'm hooooome!!


Jepp, då er eg her igjen, etter ei lita pause frå blogging, både lesing og skriving. Eg trur rett og slett det gjorde godt! Men no håpar eg inspirasjon og tid står meg bi, for eg har så mykje eg vil vise dykk der ute!

Sist laurdag var eg med mor mi til Knarvik og sette opp stand på jolemesse der. På nabo-stand'en var det ei dame med diverse tova produkt, med ein detaljrikdom eg ikkje har sett før. Og så hadde ho desse ull-englane, som sjølvsagt gjekk rett til hjarta på meg. Så fine, med kvitt som grunnfarge og ellers ljose pastellar til å komplimentere. Valget for meg var nokså lett - det måtte bli rosa (sjølv om dei lilla òg var veldig fine!).



Sjå berre på den fine pynten engelen har - kor gjennomført og detaljert den er! Eg fall pladask....


No heng den rosa engelen på kjøkkenet mitt, og eg gler meg over eit nytt tilskot til det som etterkvart kanskje kan kallast ei samling?

Takk for gode ord og kommentarar i forrige innlegg! no gler eg meg til å ta ein tur rundt i den store bloggeverda, og sjå kva som har foregått der dei siste to vekene.

Tudelu!
Related Posts with Thumbnails