torsdag 4. november 2010

Prosjekt tennbrikke-tønne

I fleire år (faktisk!) har eg gått og tenkt på tønnene me kjøper med tennbrikettar til vedomnane våre. Dei er så stygge, men er jo mest praktisk å ha ståande framme. Eg har tenkt at dette må det gå an å gjere noko med, men i eit forsøk på å male dei vanvittig stygge, raude plastlóka kvite gav eg opp - dei berre krølla seg når maling og plast smelta saman. Etter dette har eg vore innom tanken å sy lokk slik ein har på syltetøyglas når ein gjer seg litt flid. Men nei, det har berre blitt med tanken.

No har eg endeleg sett eit forsøk ut i livet, det første prosjektet på det gjen-innvia arbeidsrommet mitt. Tønna vart ei bursdagsgåve, og om eg ikkje var superduperfornøyd, så vart det heilt greit. Plastlóket er dekka med papir og papp, og for å halde det stabilt på boksen har eg laga ein kant på undersida som er litt mindre enn omkrinsen på sjølve tønna innvendig. Eg fyllte tønna med stearinljos og kledde ei fyrstikkøskje med samme type papir, og voilá, så var gåva ferdig.

Heldigvis, får eg vel sei, hadde mottakaren kun kort tid før lurt på kva ho skulle gjere med den stygge tennbrikett-tønna ho hadde i stova, og vart fornøyd med gåva






Eg veit ikkje om det er vintertid, hektisk kvardag eller generell bloggtørke som er problemet for tida, men det er ikkje umogleg at det vert ei lita pause her framover. Eg set stor pris på å høyre frå deg som er innom, for det hjelper ikkje om teljaren går aldri så mange steg, om eg ikkje ser at nokon finn innhaldet verd å kommentere ;)

Håpar de der ute går ei fin helg i møte! Her vert helga fyllt med likt og ulikt, før eg sundag føremiddag set meg på toget austover. Og lesinga eg planla for veka - gjett korleis DET har gått?

Tudelu!

måndag 1. november 2010

November

November...... navnet ber med seg kalde gys, syns eg. Rimfrost og skodde, forsmak på vinter....
Bileta i kalendarbladet tok eg på Gran ifjor haust, i månadsskiftet oktober/november. Om nøyaktig ei veke er eg på Gran igjen, for ei ny studieveke. Bøkene som står i hylla mi er framleis nesten like ubrukte, og eg har tenkt at denne veka her må eg nytte til fulle... ikveld var ikkje nokon veldig god start i så måte, men vart istaden brukt til å gjere ei god gjerning. Viktigare det!

Helga med fest og feiring er over, og eg må sei det vart ein suksess, med 33 personar innom husets fire veggar. Eg, som alltid har kamera i handa og knipsar villt, rakk ta heile 8 - åtte - bilder, iløpet av kvelden. Av dei var det INGEN bilder av maten, eit ganske rikhaldigt tapas-bord. Eg er litt irritert, men håpar nokon av gjestene har bilder å dele med meg sånn litt etterkvart. Flotte gåver fekk me, og stemninga var fantastisk! Flygelet vart verkeleg innvia, både av Rosamannen og ein kamerat, og allsongen gjekk så høgt at eg trur taket bula til tider!
Då får det heller våga seg at me var litt trøytte idag, og at det kvite kjøkkengolvet måtte vaskast 4 gongar før me kunne hente jentene igår. Det vart ei super feiring, og like kjekt var det å avrunde med frukost for 10, før dei overnattande gjestene fann vegen heimatt.
Denne veka håpar eg det vert meir tid til blogging (ja, i lese-pausane, sjølvsagt!), så eg får teke att alle innlegga frå dei fine bloggarane på lista mi.

God veke!
Related Posts with Thumbnails