måndag 25. oktober 2010

Voss has got talent!

Det er jo så populært med talentkonkurransar for tida, er det ikkje?

På laurdag var eg på ein talentspekka konsert på Voss! Dei siste åra har jazzmiljøet mellom ungdomar i Voss og omland verkeleg blomstra, som fylgje av at ein verkeleg entusiast - John Taylor - kom til Vossebygda. Han starta i samarbeid med Vossa Jazz opp Voss Jazzskule, og etterkvart har det vel vorte meir og meir hans eige prosjekt. Og for eit prosjekt!! Ungdomar frå 10 til... kanskje 20 år stod på scena laurdag, og kvar og ein bidrog med sitt, i form av samspel og soloar.


Det vart ein helaften, nærare 2,5 timar, med den eine låta meir swingande enn den andre. Med seg på scena hadde dei òg ringreven Andy Shepard, som har prega internasjonal jazz i lang tid. For ei oppleving - både for dei unge som fekk spele med han, og for oss som fekk sitje i salen og nyte det heile! Og for ei fantastisk moglegheit Taylor gjev dei unge! Den skulle eg meir enn gjerne hatt sjølv for 15 år sidan :) (no høyrdest eg nesten litt gammal ut, hihi)


Når eg i tillegg kunne sitje og vere stolt tante til to av dei unge musikarane, ja då kan opplevinga knapt verte betre. Det einaste måtte vere om eg sjølv kunne få gå i lære i jazzskulen, og vere med på moroa.....

veka framover vert antakeleg nokså stille her i Rosa-land, for me er igang med førebuingar til ei storhending laurdag som kjem. Me skal ha huset fyllt til randa av gjester, og feire 2x30 år + ny-innflyttinga i huset.... Om ikkje det vert undervegs-rapport, så skal eg iallefall prøve å få til ein etter-rapport ;)

I mellomtida, høyr litt jazz! Det gjer godt for sjela ;)
Related Posts with Thumbnails