Telefonen eg fekk var frå ein journalist i lokalavisa vår. Han hadde fått i oppdrag å skrive ein artikkel til ein "Hus og heim"-del i avisa, utan heilt å vite korleis han skulle angripe problemet. Kona hadde tipsa han om ein blogg ho fylgde med på, der nokon pussa opp eit gamalt hus og blogga om det. Sidan denne journalisten og kona hans har budd her i den vesle bygda visste ho kva hus det gjaldt, og dermed var det ikkje så vanskeleg å finne oss.
Torsdag for 2 veker siden var han her og snakka med oss, såg på huset og tok bilder. Idag kom me på trykk - på midtsida! Ei heil dobbeltside vart via til oss, huset og bloggen, og med ei høveleg RÅÅÅSA overskrift! Ein og annan "kommafeil" kan me vel spore i teksten, men stortsett har han vore flink til å setje på papiret sine eigne inntrykk ispedd vår forteljing - eller omvendt. Det er kjemperart å sjå og lese om oss sjølve, og sjå på trykk fleire av bileta eg sendte journalisten etter intervjuet, for å vise litt meir av kva me har drive med.
Mange tilbakemeldingar har me fått, og dei fleste udelt positive. Så får det heller våge seg om nokon tenkjer at me er frykteleg PR-kåte, som absolutt må komme i avisa fordi me har pussa opp huset. Det er vel ikkje til å unngå..
Alt i alt er me særs nøgde med oppslaget. Eg reknar ikkje med at besøkstala i bloggen - eller kommentarane - fyk til vèrs, men det er jo veldig kjekt å vite at nokon har likt det dei har lest og sett hjå meg. Ein stor takk til journalisten - og kona!!


