Advarsel - sterke scener!!
(bileta vert større om du trykker på dei, for å ta ein ekstra kikk på dei rosa veggane eller det spygrøne toalettet ;) ) Bileta som heng i hop viser same vegg/ same krok, men nokre gonger i frå litt ulik vinkel.
Då me flytta inn i huset vårt for snart 5 år sidan var badet det eg ville kalle "heilt greit". Det var ikkje pent, men det var grei størrelse på, og det var relativt funksjonellt. Der var opplegg for vaskemaskin, og på toppen av denne stod tørketrommelen. (Alle før-bileta vart tekne når me flytta inn. Vask og tørk stod i kroken innanfor bordet som viser på øverste biletet. Bordet måtte vika plassen for kommode med stelleplass, og etterkvart kom også eit stort skap inn i rommet, for å få plass til alt som var nødvendig ifbm vask og stell.

Sidan det kom vatn i også denne ytterveggen i vinter, måtte denne rivast. Då dette kom på tale ynskte me å få oppgradert badet, men kun om det var slik at ein uansett måtte skifte alle fire veggar for å få eit "heilt" rom. Det måtte dei, og då gav me beskjed om at me ville gjere oppgraderingsjobben sjølve. Etter ei tid viste det seg at me då måtte koste m.a. alt røyrarbeidet sjølve, og at dei kun ville ha smellt opp igjen våtromsplater på den aktuelle veggen (i ein annan farge!?) om me ikkje hadde teke skeia i eiga hand. Det grunnleggjande stender-/og panelarbeidet fekk me iallefall gjort av fagfolka. Uansett - nytt bad har det vorte, etter ein lang sommar med arbeid. Og når alt kjem til alt er me jo
knallfornøyde med badet me har fått!!
For å få
det gjort måtte me (les: mannen og gode hjelparar) bore vekk 15 cm støypt golv, skifte stenderverk og ramme i yttervegg, alt av plater osv på dei tre andre veggane, og dessutan sikfte vindauga i rommet. I tillegg grov han igjennom pukk og jord for å komme ned til det punktet i grunnmuren dei i hine hårde dage hadde putta avløpet igjennom den metertjukke muren, for at røyrleggjaren skulle kunne skifte det heile. Mange timar og mykje sveitte!!

Me har sett inn ei dør inn til det som skal verte vaskerom, og me har fått lagt vatn, avløp og kloakklufting opp i 2. etg (og sistnemnde ut av huset gjennom det nye taket). I tillegg har me jo fått oss badekar!! Dei som har fylgd meg ei stund huskar kanskje den fantastiske historia om
ekspress-badekaret!? Varmekablar og fliser har det vorte. Alt flisearbeid har me gjort sjølve (heldigvis var me igang og tilnærma ferdig med dette før den nye lova om oppussing/oppføring av bad trådte i kraft!), medan røyrarbeid og alt elektrisk sjølvsagt er gjort av fagfolk.
Og no har me eit herlegt bad, rett og slett. Dei turkise detaljane vart kjøpte på ferie i Kristiansand, då me ein regnversdag dumpa inn på Sørlandssenteret og den herlege butikken Lucky Duck. Då var Rosa lukkeleg! I skrivande stund sit faktisk det ein lukkeleg, nybada rosamann ved sida mi ;)
God veke!