fredag 8. oktober 2010

Fredagskveld, oktoberkveld

Kveldens bilete minnar mykje om kalendarbladet eg viste berre for nokre dagar sidan, men eg berre måtte! Solnedgangen ikveld var så utruleg vakker, med rosa ljos over heile bygda, og ein heilt særskild glød der sola gøymde seg bak fjella. Vatnet spegla den fantastiske fargen, og eg knipsa villt frå stovevindauga!


At det er fredagskveld, med Gullrekke, raudvin og levande ljos gjer heller ingenting. I helga skal me ta oss ein overnattingstur til svigers etter gammalt, og det vert nok kosleg. For meg og Storesyster er det dessutan haustferie neste veke. Vetlesyster skal nok få litt fri, ho òg, men ikkje heile veka. Eg har tenkt å få brukt eindel av tida til å lese litt av pensumet eg skal igjennom iløpet av året, som handlar om organisasjonsteori og leiing. Ganske spanande, om eg berre klarar å ta fatt! (Og det gjer eg IKKJE med to snupper rundt meg. Tippar utfordringa vert stor nok med ei ;) )


No skal eg ta meg ein liten bloggrunde, for det har eg ikkje fått tid til før i veka.
God helg!!!

tysdag 5. oktober 2010

Tett tak!

Endeleg, sist veke, kom snikkarane og fjerna stillaset som har sperra heile framsida av huset vårt i ca 1 mnd. Endeleg slepp me å snike oss langs husveggen når me skal opp og ned trappa, og endeleg kan naboane trygt komme ut i hovudvegen utan å måtte snike seg forbi ei arbeisbrakke i vegkanten. Men viktigare enn alt -
Endeleg har me tett tak!
O, lukke! Og, med tanke på kor skeptisk eg har vore til å fjerne skifer - eg syns resultatet vart fint. Ikkje så fint som det ville vore med skifer, men likevel fint. Og tett! Den komande vinteren skal me ikkje ha ein einaste lekkasje, bank i bordet! (Framleis ligg det massemassemasse rot rundt huset. Skifer, materialar og boss. Og som du ser - rekkverket på trappa er verken skifta eller malt. Det får verte neste sommars prosjekt ;) )

I ettermiddag fekk eg forresten ein telefon som fekk meg til å le! Eg har gått og småflirt for meg sjølv i heile kveld, medan eg har sett meg rundt i huset med ny-opna auger, rydda litt og turka støv hist og her. Kva det gjeld har eg ikkje tenkt å fortelje endå, men eg kan love at eg kjem tilbake til det!

Heilt til slutt kan eg melde at overgangen til 30-åra gjekk fint! Dagen igår vart riktig bra, med masse helsingar frå vener og familie, ein nydeleg middag med familien når eg kom heim frå kurs, og 10 langstilka roser frå min kjære. At han i tillegg hadde bestillt ei veninne som er utdanna hudpleiar til å gje meg full massasje som avslutning på dagen var verkeleg ei stor, god overrasking! Alt i alt, ein kjempefin dag!

No er det snart midnatt, og det er vel berre å legge seg på lading ilag med dei små prinsessene.....
God natt, du der ute!

søndag 3. oktober 2010

29,997.......

Idag har eg feira 29, 997-årsdagen min. Eg har laga kaker, og invitert foreldre, svigerforeldre og bestemødre, samt snille onkel og tante til Rosamannen på kaffi i ettermiddag. Saman med jentene har eg for fyrste gong pynta ei bløtkake (eg tok ikkje sjangsen på å bake sukkerbrødet sjølv i denne omgang) og bakt eplekake. Før det var me på (lovleg) epleslang heime hjå foreldra mine, og plukka sjølv det gode innhaldet i eplekaka. Det smakte ekstra godt!


29,997 år.... tru om eg kjenner meg anleis imorgon? Kanskje eg finn mitt fyrste grå hår? Kanskje eg oppdagar ei rynke eg ikkje har sett før? Kanskje eg plutseleg kjenner meg moden og vaksen, slik eg tenkjer at kvinner i 30-åra er? Eg ser det ikkje heilt for meg. Får det liksom ikkje til å passe med meg sjølv. Men det er ikkje til å komme unna - imorgon er eg 30 år.

 30 år!
Hjelpes.....

Dagen skal feirast med eit heildagskurs om mva (moms), og deretter foreldremøte i barnehagen til vetlesyster. Storslagent, med andre ord!! ;) Då er det kjekt å ha samla nokre nære og kjære idag, og å veta at om nokre veker vert huset fyllt av gode vener som vil feira med meg og min kjære (som fyllte 30 i april, og ikkje har vorte feira endå). Ja, for det er vel noko å feire, sjølv om det kanskje inneber dei store forandringane i kvardagen..?
Related Posts with Thumbnails