laurdag 2. oktober 2010

Oktober

Månadens kalendarblad i den eigenproduserte kalendaren viser ein kveldshimmel sett frå stova vår. Slike har det forresten vore mange av den siste drøye veka òg. Vakkert!

Me er i oktober, og som alltid betyr det mange bursdagar i familien min, meg sjølv inkludert. Oktober er dessutan lauv som flyg med vinden, fyr i ovnen og stearinljos i stova. Den fyrste nattefrosten har allereie vist seg, og meir vert det nok.

Her i Rosaheimen går me ei småtravel helg i møte, men når den er fyllt med kjekke ting går det nok bra. Ikveld  (innlegget havnar på 2. oktober, men i mitt hovud er det framleis fredag kveld....) har gleda vore aller størst over at min kjære no er heime igjen etter fyrst veka på Kongsberg, og så eit par dagar på danskebåt-tur med studentane sine. Me har sakna han, alle tre!!

God helg til deg - håpar du òg får tilbringe helga med dei du er glad i!

torsdag 30. september 2010

Velkomen inn i den nye stova mi!

Tredje og siste del av stove-føljetingen min - det (nokså) ferdige resultatet. Når eg skriv "nokså" er det fordi eg har att å male 3 dører, og me dessutan har diverse kablar som ikkje har funne sin faste plass på veg mellom TV og andre duppedittar. Bortsett frå DET er me heilt ferdige!
Her skal du få ei omvisning:
Når ein kjem inn døra frå yttergangen er hyllene "mine" det fyrste ein ser. (Denne døropninga var plata igjen, men me ville opna den att, og er veldig nøgd med det! det føles heilt naturleg å fortsetje rett fram når ein kjem inn ytterdøra, istadenfor å svinge rett til høgre..) Den eine hylla med CD'ar, den andre med DVD'ar. Eg er ikkje heilt sikker på om eg syns at slike plastetui er vakre, men dette har vore Rosamannen sin plan heilt sidan vindauga i veggen dukka opp, og det handlar om å gi og ta, ikkje sant? ;)
Eg fekk trass alt måle dei RÅÅÅSA og TURKIS! Minuset med denne smale delen av stoverommet er at den ikkje får nokon særlege mengder naturleg ljos. Difor vert også bileta så som så.....


Kroken på biletet under ligg rett til venstre når du kjem inn frå gangen, og døra på høgre side av den går inn på kjøkkenet. her har eg samla babybileta av jentene, saman med dåpsfata deira. Den gamle skjenken som fylgde med huset har sidan me flytta inn fungert som TV-bord, men kan endeleg nyttast til noko litt finare :)


Stova sett frå kjøkkendøra. Bak døra med kjolen min på er pipa. Den gamle sofaen vår i venstre kant av biletet skal flytta inn i ein ny heim, men det har fram til idag ikkje vore mogleg pga stillas i trappa og hagen..... Kanskje den kan forsvinne no i helga??

Den fine gamle kommoden stod òg her då me flytta inn, og speilen som heng over den har eg flytta ned frå arbeidsrommet mitt. Eg kan ikkje skjøne at min kjære syns den er traurig? ;)


Så er me komne til musikk-avdelinga. Flygelet til Rosamannen, flankert av et print frå IKEA, og eit måleri eg fekk av syskenbarnet mitt for eindel år sidan - eigenprodusert! Eg syns det er så fint!!

Ved sida av flygelet står godstolen min, (der eg sitt akurat no). Akurat no er den gamle ørelappstolen dekka av eit fleecepledd, men etter jol eingong har mor mi lova å hjelpe oss med omtrekking. Dvs - til nød kan kanskje eg klare å hjelpe ho.....


Eit oversiktsbilde teke frå den nye store opninga. Sofaen er Ektorp, med mørkebrunt tekstiltrekk. Nydeleg å sova middag på, med hovudet inn i kroken ;) (Me ville eigentleg ha skinnsofa, men fann ikkje noko me likte til ein overkommelig pris..)


Til slutt er me komne til TV-kroken, der dei svarte kablane enno heng uskjønt ned bak Tv-benken. Det er utruleg kor fort ein sluttar å legge merke til slikt - heilt til ein ser det på bilete. TV'en heng forresten der det tidlegare var døropning ut i yttergangen. Me har med andre ord flytta ei dør frå denne veggen og inn i den smale delen av stova, der det før var plater (men endå før det hadde vore dør..) Over ovnen heng ein gammal neverlur som min kjære kjøpte på Mjøsmarkedet i august. Den blå kista på alle fyrste bilete kjem òg derfrå, og rommar alle leikene jentene dreg ned. Veeeeldig praktisk å ha noko stort å slenge det oppi når klokka har passert leggetid. Om ei stund får me ta kista med opp og fordele leikene på jenteromma, før me flyttar den ned att til ny oppsamling.


Eg (me) er veldig veldig fornøyde med korleis den nye stova har teke form, og sjølv om me no har eit nokså stort flygel her føler me at me har MYKJE større plass enn før. I tillegg til forlenginga av rommet hjalp det voldsomt på å få stengt igjen ei dør, slik at den veggen/kroken òg kunne nyttast. Mange kveldar når eg sitt her i godstolen min med laptio'en på fanget må eg berre sjå meg rundt, og konstatere at her trivst eg godt! (og noko av det beste er sjølvsagt at me har gjort alt sjølv!!!)



Håpar du treivst her, du òg!

tysdag 28. september 2010

Oppussing av stova - Del 2

Slik såg stova vår ut etter at taket var måla kvitt, panelplater og tømmer var måla i ein nesten-kvit, og nytt valnøttgolv var komme på plass (Og eg kan like godt innrømme det fyrst som sist - me har lagt laminat i det gamle huset. Eg veit det er fyfy, og eg kjenner på det, samtidig som eg er knakande nøgd med det fine,fine golvet mitt!). Den gamle muren bak ovnen vart fint innramma av kvit vegg, og me syns det mørke golvet og dei lyse veggane balanserer rommet godt. Noko spesielle er dei 20 cm breie vindaugslistene som Rosamannen sjølv har laga av hobbyplater, for å dekke over såra i tømmeret som antakeleg vart laga då dei sette inn nye vindauge for nokre tiår sidan.

Den observante ser to hòl i plateveggen. Det er den gamle vindaugsopninga, som Rosamannen har snikra hyller til, og som eg i eit anfall av "oh no, no vert det for mykje kvitt her!", måla i knall turkis og rosa ( i den kraftigaste nyansen av fargane som målingsforhandlaren hadde! Skal det vera så skal det vera....) Hyllene er det fyrste du ser når du kjem inn i stova vår, men no som dei har fått innhald lyser dei ikkje like kraftig opp som på bileta her.

Det har vore ein prosess å "bu seg inn" her, men litt etter litt har me fått møblert rommet. Det skal eg vise i siste stove-innlegg ;)

Ha ein nydeleg septembertysdag!






søndag 26. september 2010

A B C


Det er facinerande å fylgje med på ei lita jente som lærer seg å kjenne ei heilt ny verd. Ei verd ho til no berre har sett fragment av. Nære og kjære ord - sitt eige og våre navn, navna til gode vener, eit par korte ord. No er ho verkeleg i ferd med å knekke koden - lesekoden. Då Rosamannen kom heim frå Kongsberg hadde han med seg ei "Lett å lese"-bok til skulejenta. Korte setningar, store bokstavar. Og jenta gav seg ivrig i veg. Ho stava seg igjennom ord for ord, og litt etter litt har nokre av dei vorte bilete ho kunne kjenne att utan å stave kvar gong. Plutseleg idag var ho allereie ferdig med boka, etter berre to dagar. Stoltheita lyste over heile jenta. Ho hadde lest si fyrste bok - åleine.

Håpar de alle har hatt ei god helg!
Related Posts with Thumbnails