På venstre sida av ovnen var døra ut i gangen. På høgre sida var døropninga inn til det rommet som tidlegare var kjøkken i huset.
![]() |
| Ein strippa vegg, og ein vegg klar for fall |
Opninga mellom stova og det gamle kjøkkenrommet vart større, men likevel mindre enn planlagd, sidan den fine gamle teglsteinsmuren dukka fram bakom platene.
Frå "gamlekjøkkenet" mot stova, gjennom den forstørra opninga. Bak platene fann me ein gamal vindaugsopning, ettersom denne veggen tidlegare var yttervegg.
![]() |
| Puss, puss, så får du ein suss.... den håpefulle grønfargen måtte vike, iallefall delvis. |
Under platene i "gamlekjøkkenet" såg me spor etter tidlegare generasjonars oppussing. Her dominerte grønt, gult og blått - heilt tydeleg malt rundt både skap og hyller.
På dei veggane der det ikkje var tømmer, eller der tømmeret var veldig skada valgte me å plate over med umalte panelplater. Ein flink og snill svoger tok jobben med å brannsikre teglsteinsmuren. I veggen i det gamle kjøkkenet lot me den tidlegare vindaugsopninga stå open.
Kva me har gjort med den kjem eg tilbake til.
"Gamlekjøkkenet ferdigplata, klart for maling.
Slik har det sett ut undervegs. Golvet under det slitne gamle belegget var fint tregolv i deler av rommet, men prega av gamle og endå eldre råteskader i andre delar. I neste innlegg får du sjå resultatet.....
God laurdagskveld!
















.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)




