Eg kan like gjerne bekjenne det med det samme - eg er glad i mat! Glad i god mat, gjerne med god drikke attåt. Ein viktig ting for meg ute på reise er å prøve lokal mat. Og får eg ikkje lokal mat, så vil eg iallefall gjerne prøve noko nytt og spennande! Pizza, pasta og burger appelerer lite, for å sei det slik!
Iløpet av veka vart det både indisk (ikkje så revolusjonerande, men prøvde i det minste noko nytt; cheese chicken tikka - ein liten skuffelse), kinesisk (heller ikkje veldig spennande, bortsett frå at me bestillte Peking-and, med "ekte" tilbehør, avslutta med frityrsteikt vaniljeis!!), fondue (først ost- og kjøttfondue til middag, deretter sjokoladefondue til dessert!) og eit par førehandsvalgte fellesmiddagar med fisk og kylling.

Vekas første, og kanskje største, mat-høgdepunkt fekk eg òg i Setenil, som ellers var så bra på alle måtar. Der fekk me tapas, tilberedt med eigenproduserte råvarer og krydderblandingar, på ein liten kafè innunder fjellet. Fantastisk godt! Det var tomatar og oliven (bildet over), vaktel-egg på baconrull, kylling på grillspyd, og heimelaga chorizo-burger. Ekte mat, servert av kokken sjølv, til ein latterleg billig pris!
Fantastisk!
Tapas-buffeten som går igjen på fleire bilder fekk me servert siste kvelden i sjømannskyrkja, og var tilberedt der. Nydeleg mat, også dette, med spennande smakar og kombinasjonar. Og så er den jo så lekker på fat!
And that concludes the reports from Spain.....
God veke! (og legg gjerne att ein kommentar, om du har tid ;) )