laurdag 11. september 2010

El Campanario

Det vert mykje fotomontasjar for tida, men det må til om ikkje innlegga skal verte metervis lange... Eg tok ganske mykje bilder på veka mi i Spania, og eg lir av ei kjend sykje med å ikkje klare å begrense meg..........

I dagens montasjar er alle bileta henta frå sjømannskyrkja El Campanario, der kurset eg deltok på vart arrangert. Eg var òg ein av dei heldige som fekk bu i det gamle gjestehuset, med kvitkalka vegger og mørkebrune skodder for vindaugene. Bassenget i hagen stod til vår disposisjon, og under vinrankene åt me frukost og lunsj kvar einaste dag. Det var nydelegt, alt saman!


Ikveld er Rosamannen på vift, medan eg er heime med prinsessene. Det er godt å berre vere her. Levande ljos, raudvin i glaset, og bilder å redigere. No skal eg endåtil ha meg ein bloggrunde, medan eg lyttar til eit sovande hus. Livet er godt.
God laurdagskveld!

torsdag 9. september 2010

Himmelsk vakkert

Når eg er ute og reiser gjer eg som turistar frå alle verdas kantar - eg søkjer til kyrkjene, for å sjå vakker utsmykking og kjenne roen som alltid herskar i desse romma. Då me hadde utfluktsdagen vår i Spania var eg innom to svært ulike kyrkjer, men akk så vakre, begge to!

Den vesle, kvite steinkyrkja i Setenil ser du bilder frå øverst her. Lys og lett inni, med små nisjer i kvar vegg med vakkert utsmykka figurar. Navnet på kyrkja fekk eg ikkje med meg - ei heller byggingsåret.
Den store Santa Maria la Mayor i byen Ronda var av eit litt anna kaliber! (hugs at du kan trykke på bileta og sjå dei i større utgåve, så du får sett litt meir detaljar) Den vart antakeleg reist på 1400-talet, over det som eingong var ein moskè frå maurartida. Historia til den vakre domen kan du lese på wikipedia, om du vil. Eg fekk alt for lita tid der inne, faktisk berre 8-10 minuttar, men det var vel verd inngangsbilletten å sjå fantastiske altertavler, den enorme lysekruna, og ikkje minst takhøgda. Spanjolane kan sin utsmykking - himmelsk vakkert, rett og slett!

måndag 6. september 2010

Spanske bilder

Honey, I'm hooome!

Faktisk har eg vore heime i ca to døger, men det har vore diverse å henge fingrane i, og som så ofte før er det bloggen som vert nedprioritert.

Laurdag kveld kom Rosamannen og Storesyster og henta meg på Flesland, og det var veldig, veldig fint!! Flyturen gjekk som flyturar flest - det var lite kjekt, men me kom trygt både opp og ned.... Etter ei aldeles nydeleg veke på den spanske sørkysten i godt selskap, godt vèr, god lærdom og med fantastisk mat var det ikkje feil å komme heim til det nære og kjære heller.

Dagens to montasjar er i frå den vesle byen Setenil, som me besøkta sist onsdag. Med buss og guide køyrde me frå kysten og opp i fjellet, til grenseområdet mellom Malaga-provinsen og Cadiz-provinsen. Der låg Setenil (følg lenkja for å lese meir på Wikipedia), med i underkant av 3000 inbyggjarar. (trykk på bileta så vert dei større.)
Busetnaden her er mange tusen år gamal, og den er ein av dei mange kvite byane i Spania. Det særskilde med denne vesle byen er at mange bustader er bygde heilt inni fjellet. Bergarten i området er så mjuk at dei kan grave seg innover og lage nye rom innom den kvitkalka fasaden. Ved familieauke var det berre å ta fatt med hakke og spade og lage eit nytt barnerom. Slik lever dei den dag idag! Om du ser godt etter på bileta ser du kor integrerte husa er mellom bergnabbane. Og i den øverste montasjen ser du kor tett det er mellom husa i den eldste gatestubben. Under ser du korleis husa ligg heilt under fjellet, og at dette faktisk dannar eit svært naturleg tunell-tak mellom husa.

I tillegg til alt det spennande å sjå og høyre fekk me dessutan ekte spansk tapas til lunch, tilberedt på ein liten pub med lokale råvarer. Fantastisk godt!
Det må nok bli meir Spania-bilder utover, men akurat no er det leggetid.
God veke, og sov godt!
Related Posts with Thumbnails