Fredag skjedde det som ikkje skulle skje. Det me har frykta aller mest frå me kjøpte "huset med det rare i", for snart 5 år sidan.
Då me skulle skunde oss ut i bilen, fordi eg skulle nå ekspresstoget frå Voss til Oslo, vart Storesyster påkøyrd rett utanfor huset vårt. Både eg og Rosamannen stod med ryggen til då ho skulle krysse vegen frå huset til bilen, så me veit ikkje nøyaktig om det var ho som berre sprang, føraren som var uoppmerksom, eller ein kombinasjon av dei to. Ikkje er det eigentleg viktig heller.
Sekvensen frå eg høyrde dunket, såg bilen, og sprang hylande ned trappa til jenta som låg i grøfta forslått og fortumla spelar omatt og omatt i hovudet mitt. Ein slik skrekk har eg aldri før kjent, og vil eg aldri kjenna igjen!
Heldigvis køyrde bilen i roleg fart,
heldigvis var ho nesten komme over vegen, så ho traff bilen litt ut på sida.
Heldigvis havna ho i graset rett utom vegen.
Heldigvis slo ho ikkje hovudet.
Heldigvis viste røntgenbileta ingen brot.
Heldigvis fekk ho ingen indre blødningar eller skader.
Eg tenkjer berre eitt ord, som samanfattar det heile -
englevakt!
Slik gjekk det altså til, at istadenfor togtur til Oslo og veninnebesøk vart det ein kveld og ei natt på intensiven for meg og Storesyster. Ikkje så mange timar søvn, men likevel roleg og utan dramatikk. Storesyster slapp frå samanstøyten med ei rekkje blåmerker, ein litt vond fot, og sjølvsagt skrekken! Bagatellar, alt saman. Eg kan ikkje få sagt mange nok gongar kor ufatteleg letta og takknemlege me er for at alt gjekk så bra, når det fyrst gjekk så gale. Dermed kunne eg igår, etter ein viss logistikk-kabal, fly frå Flesland på føremiddagen, og nå flyet til Malaga (omtrent) som planlagd. I skrivande stund sit eg på gjestehuset til sjømannskyrkja El Campanario, og har teke til på kursveka i sol og varme.
Heldigvis.Ta vare på dei du er glad i,
og køyr forsiktig!