fredag 27. august 2010

Interessant, innsiktsfull, skarpsindig og ordflink

Are Kalvø er ein fin fyr, og som han seier - det er berre fordelar med nynorsk:



Fin fredag!

onsdag 25. august 2010

Sommarens blinkskot

Det har ikkje vorte så mykje sommarbilder dette året. Om det var tida som ikkje strakk til, eller sommardagane som mangla skal vere usagt, men eit par dagar var det slik at kameraet og sommarsola var på plass samtidig.

Under ser du ein av desse dagane, der jentene fekk dusje i hageslangen til høge kvin og latter. Eg fekk knipsa akurat i det Storesyster slengde opp dei våte krøllane så vassdråpane flaug rundt ho. No har eg bearbeidd biletet litt i Photoshop, gjort det uklart i kantane, fjerna fargane og lagt på ein blåtone. Originalen er eigentleg finare, men den høyrer nok meir til i dei private bileta. Eg syns jo dette vart litt kult òg.

Når alt dette er sagt; eg har ein sjangse til for å få teke sommarbilder. Laurdag ettermiddag set eg meg nemleg på flyet frå Gardermoen til Malaga, Spania. Der skal eg vere ei veke heilt utan mann og born, men med fagbøker og forelesarar istaden. Eg skal ta eit årsstudium i leiarutvikling (hjelpes!) på 20 studiepoeng, og studiet startar med ei intensiv studieveke på Costa del Sol, nærare bestemt Sjømannskyrkja El Campanario. Eg gler meg til å ta fatt, samtidig som eg er spent på tilveret som deltidsstudent kombinert med hus, heim, born, oppussing og jobb. På den andre sida - når Rosamannen klarar det, så burde vel eg òg få det til på eit vis ;) Om det er dette som gjer det, om det er tanken på å fly "åleine", eller tanken på å vere så langt og lenge borte frå dei heime veit eg ikkje, men eg som ellers aldri har reisefeber begynte faktisk å pakke allereie igår! Eg håpar at når fredag ettermiddag kjem, og eg tek meg over fjellet med NSB, så finn eg roen til å nyte turen, og samtidig tileigne meg ny kunnskap.

Eg håpar og trur at det vert sjangsar til å sjå seg om i området innimellom forelesningane, og få teke bilder som gjev grunnlag for eit blogginnlegg eller to.

Hasta la vista, baby!

Jubileum og lotteri hos Snøstorm

Snøstorm feirar 1 års jubileum for webshop'en sin, med blogglotteri. Både bloggen og butikken er vel verd eit besøk, med masse kule plakatar og kort!

søndag 22. august 2010

Rørt til tårer...

...i rein takksemd (altså takknemlighet, for den som syns nynorsken vert vel konservativ). Det er eg ikveld, her eg sit i godstolen min, med eit glas raudvin på bordet, og veit at taket vårt er tomt for skifer. Eg er rørt til tårer fordi 15 personar iløpet av helga har gjeve av si tid for å hjelpa oss med alt frå kakebaking og barnepass, til arbeidet med skiferhellene som skulle ned frå taket, vaskast og stablast for avhenting. Litt vasking står att, men det er ein bagatell i forhold til det arbeidet som er gjort! Me er utruleg heldige som har så gode folk rundt oss - familie og vener - som trør til og gjer meir enn det ein kan forvente for at me skulle komma i mål!

I formiddag kom heile vinterens lekkasje-mareritt tilbake då me oppdaga at det kom vatn inn på rommet til Vetlesyster, og seinare i eit av kjøkkenvindaugene (dette kom av hol i presenningane som byggmeisteren hadde lagt att til takdekke, men heldigvis oppdaga me lekkasjane så fort at dei ikkje rakk å gjere skade på dei nyrenoverte veggane!!). Eg må ærleg innrømma at eg gjekk rett i kjellaren, og har hatt nok med å styre med mat til dugnadsfolket og ta meg av mine søte små, medan arbeidsfolket har stått på i timevis medan regnet har plaska ned uavbrutt. Alle var dei våte til skinnet då dei for heim, og likevel har det berre vore smil og positivitet så langt auga kunne sjå.

Kvar og ein skulle vore rikt lønna, og eg håpar me kan få gjort ein innsats for dei når det trengst. Ikveld kan me berre sei tusen, tusen takk!!
Related Posts with Thumbnails