laurdag 21. august 2010

Dugnad med ein liten bismak

Idag har me hatt dugnad her i Rosaheimen. Etter alt sist vinter førte med seg av vatn i tak og veggar var det ein ting me visste måtte gjerast før den kvite kongen igjen la kappa si over landet: me måtte skifte tak. Etter å ha innhenta pristilbod hjå fleire firma måtte me innsjå eit sørgeleg faktum: Økonomien tillot ikkje at me kunne få skifertaket oppatt etter renoveringa. Dette har vore hardt å svelge, kanskje meir for meg enn min kjære, men eg måtte òg innsjå at me ikkje hadde noko valg. Dermed vert det såkalla Decra-tak me får på toppen når snikkarane har gjort sitt, og det er dette som gjev ein bismak idag (og sikkert ei stund framover)

For å hjelpe på den likevel stive prisen har me altså innkalla til dugnad denne helga. Og me har fått god hjelp idag, frå både familie og gode sambygdingar. Tusen, tusen takk til dei alle!! Me har løyst fliser, løfta, bore, vaska, stabla og bore litt meir. Jentene fekk tilbod om å vere hjå ei snill tante i fleire timar, og det hjalp veldig godt på humøret hjå både dei og oss ;) No i natt skal me sove i det eg og Storesyster fann ut var eit kjempedigert telt, sidan 3/4 av taket er dekka av presenning og plast. 1/4 av skiferen ligg att der oppe, men imorgon kjem nokre av våre gode hjelparar att, og me skal få henta ned resten før snikkarane skal ta til med jobben måndag morgon.

Eg håpar huset tilgjev oss for det nye taket, og eg håpar me går ein turr vinter imøte - iallefall innomhus!

fredag 20. august 2010

Om ei veke brakar det laus!

Og no - til reklamen!


For om ei veke brakar det laus igjen i den vesle bygda vår. Det er tid for fantastisk musikk, så energisk at du ikkje klarar å stå i ro. Det er tid for nydeleg mat, så god at du berre må ha litt til. Det er tid for folkeliv, god stemning - tid for at bygda skal stå på hovudet i 3 dagar. Om du ikkje har fått det med deg før, så må du gjere det no! Her kjem messingblåsarar direkte frå Serbia, her kjem norske og svenske artistar som på kvar sine måtar formidlar balkansk kultur i eigne tolkningar. Og her vert noko for borna, med både workshop, konsert og teater. Når ungane er lagde kan mor og far finne fram gode sko og ta turen til Gato igjen, der dei kan leve seg inn i suggerande rytmar heilt til augustsola (ja, for i år vert det sol!!!) truar med å komme fram att. Det er ei fantastisk oppleving!

Om du trykkjer på bildet av programmet ser du detaljane betre. Om du går til heimesida for Balkanfest Evanger kan du lese om bygda, artistane og programmet. Du kan finne ut korleis du kjem deg til og frå, og kvar du kan overnatte. Der ligg òg bilder frå dei to føregåande festivalane, så du ser kva du har gått glipp av.

Min eigen blogg-rapport frå festivalen ifjor kan du òg stikke innom, dersom du treng det siste sparket bak.
Dette må du få med deg!
(og berre for å ha sagt det òg, så er det altså eg som produserer både heimeside og plakatar, annonser og alt anna som skal trykkast og delast ut på festivalen. Det tek tid, men det er jo ein fin måte å jobbe dugnad på.)

Fin fredag!

onsdag 18. august 2010

hit eit steg og dit eit steg...

....dansa Storesyster fram på skuleveg idag. Den store dagen var endeleg her - fyrste skuledag. Til bursdagen sin i helga fekk ho sekk og penalhus, som ho ikkje har sluppe meir enn ein meter frå seg på noko tidspunkt, dag og natt. Kleda som ho fekk ein gong i sommar, som ho har spart på akurat til denne dagen kom på iløpet av 4 minuttar frå ho slo opp augene idag tidleg. Ho var så klar som ho aldri før har vore, og hadde slett ikkje tid til å vente på mor som kom halsande bak med kamera i hendene, og bad ho stoppe for annakvar meter. Ho hadde vener å møte, ting å gjere, vegar å gå.

Eg syns dei fem fyrsteklassingane fekk ein fin velkomst idag, då dei på fellessamling i gymsalen vart presentert ein og ein, og fekk kvar si kvite rose av rektor. Dei følte seg sett, følte seg spesielle, følte seg velkomne. Og då dei forventningsfulle store små fylgde læraren til klasserommet var det ikkje nokon som syns det var trist at mor og far tusla heimover. Dei var klare, klare for nye utfordringar, opplevingar, ein ny kvardag. Og den fyrste heimeleksa var å synge (og dekorere) den gode gamle "Første skuledagen min", om ho med marihøne på kjolen.


Lukke til med alle åra på skulebenken, jenta mi! Eg håpar du finn deg godt til rette!
Related Posts with Thumbnails