laurdag 14. august 2010

6 år!

På tampen av ein dag som starta kl 05.35 må eg berre vise fram dagens jubilant, i kjole som vart kjøpt på Biri forrige helg. Nydeleg kjole med cape og silkeband gjorde at jenta verkeleg såg ut som ei prinsesse idag!
Til dagen fekk ho sekk hjå oss og penalhus hjå vetlesyster, og desse to tinga har ho hatt med seg absolutt heile dagen, i og utanfor heimen. Dermed kan me trygt sei at gåva var ein suksess, og skulestart kan berre komma. Me har hatt 6 små vener på besøk idag, og imorgon vert det fullt hus og stormande jubel når heile familien samlast for å feire begge jentene våre. Ved siste oppteljing såg det ut til at me vert 25 stk med stort og smått!! Jammen godt at snille bestemødre stiller opp med ekstra kaker ;)





ha ein strålande sommarsundag!!

torsdag 12. august 2010

Rosamannens drøymedame - er ikkje meg..

Det er ikkje så mange dagar sidan me haddebryllaupsdag, Rosamannen og eg. Bryllaupsdagar kan feirast på så mange slags vis; ein god middag, kino, kanskje eit fang raude roser?
Eller - ein kan gjere det som min kjære; ta med seg to gode vener, ein bil med stor tilhengar, og ta ein roadtrip til Stavanger. I oljebyen hadde nemleg Rosamannen funne drøymedama si. Altså ikkje i Rosaheimen, som ein kanskje skulle tru etter 14 års samliv og 7 års ekteskap). At Rosamannen har hatt draget på eldre kvinner er ikkje noko nytt, men at det skulle vere ei kvinne på 80 år som kom og tok han med storm hadde vel få forventa!

Ei heller at det skulle vere ei svart kvinne (misforstå meg rett, ikkje sant?) - svart som sjølvaste natta, men sjølvsagt med ei og anna rynke, slik det høver seg for gamle damer. Dessutan er ho det far min kallar "ei dundre på over hundre".......

No bur ho i stova vår, den gamle drøymedama, og mellom henne og Rosamannen oppstår det stadig søt musikk, når han let fingrane gli over henne... Ein kunne reint verte sjalu, om ein ikkje visste betre!



Bileta seier det meste: Drøymedama til Rosamannen er eit gammalt ærverdig flygel, og sidan me no har fått så staseleg stove fann han ut at det var på tide å realisere gutedraumen!

Heilt frå eg traff han for fyrste gong har dei 4 øverste plassane på alle hans ynskjelister vore flygel, flygel, piano, flygel. Til slutt innsåg han vel at om det skulle verte flygel måtte han kjøpe det sjølv ;). Han har fått mange skeive blikk frå vener og familie, men flygelet var rett og slett eit kupp, og er eit skikkelegt stasmøbel her det står i vår nyoppussa stove. Den skal det komma meir bilder av, men denne veka er det utpakking, rydding og bursdagsførebuingar som står på planen. Laurdag har me nemleg 6-åring i huset, og dagen skal feirast med barneselskap. Sundag kjem slektas store og små på ettermiddagskaffi når me feirar begge jentene våre, og då er det kjekt om me slepp å ete kaker mellom verktøykasser og flyttekasser ;)



God helg!

Related Posts with Thumbnails