laurdag 7. august 2010

Kva med ein grill-gris?



Detta e morro!


Me er på mjøsmarknaden, med sekk på ryggen og tom bil utanfor gjerdet. Hundrevis av selgarar med alt frå bildeler til øyredobbar og barnekle. Nytt,brukt og antikk i skjønn forening. At det ikkje er fleire bloggedamer her er litt av eit mysterium! God laurdag!

fredag 6. august 2010

Talet er 3

Idag er det Vetlesyster sin dag. Ho vert heile 3 år, veslejenta mi!! At det kan puttast så mange spilloppar, så mykje vilje, så mykje krutt, og så mykje sjarm inn i ein kropp på berre 3 år er heilt utruleg. Men slik er ho, i den eine stunda lyser det ramp i augene, i det neste smiler ho sitt søtaste smil, og tvinnar kven som helst rundt fingeren.

Eg og Rosamannen skal avslutta årets sommarferie med ein tur til Mjøsmarknaden på Biri, så me vert berre med på feiringa på morgonkvisten, med gåver, song, og noko ekstra godt til frukost. Det er med litt svart samvit me reiser på sjølvaste bursdagen, men eg er viss på at jenta kjem til å ha ein super dag med besteforeldre, tante og oldemor innom på besøk. Den store feiringa utset me til neste helg, når me har komme litt meir i orden i huset (JA - me flytta heimatt igår!), då vert det familieselskap for begge prinsessene ilag.

Ha ei god helg, det skal me! :)

måndag 2. august 2010

Ull

Det er overskrifta for denne dagen i Rosaheimen. Når ein har vore gift i 7 år er det nemleg ullbryllupsdag - til forveksling likt gull ;)

Dette året er det altså slik at eg og min kjære har vore gift halvparten av tida me har vore kjærestar. 7 gode år, saman i opp- og nedturar, og med vissheit om at uten den andre ville ein berre vere halv.


(biletet tok eg i helga, då me var i bryllup til syskenbarnet mitt. Utpå kvelden satte alle gjestene kvar sitt telys på eit stort hjarteforma brett framfor brureparet, med vakker musikk attåt. Ein fin gest, syns eg!)

Takk for 7 fine år, min kjære - eg gler meg til resten!
Diktet/songen under har eg hatt med i bloggen før, men på denne dagen høyrer den til - den song nemleg ei veninne av oss i kyrkja i bryllaupet, og eg song den sjølv under middagen, istadenfor å halde tale til brudgomen min. Ein av dei aller vakraste tekstane eg veit om!!

Du er min los

Du er min los
på leia eg dreg,
du er mitt ljos
på nattville veg.

Sjølv om du vankar
langt her i frå,
i mine tankar
bur du enn då.

Der skal du bu
som song i mitt sinn,
venen min,
du som einast er min.

Der skal din kjærleik
vere mi bøn,
der skal din nærleik
vere min løn.

Einsam eg stod
Og du vart min del:
blod av mitt blod
og sjel av mi sjel.

Jakob Sande

søndag 1. august 2010

August

Eg må berre slutte å skrive at tida går for fort,..... men den gjer det!

Det er allereie august, og for oss i Rosaheimen betyr det ny-innflytting i huset vårt, 2 bursdagsjenter, skulestart for Storesyster, jobb og barnehage for oss 3 andre, og heilt til slutt i månaden skal mor på tur. Oh yes - det skal bli hektisk nok. Men det er jo kjekke ting, alt saman, og eg håpar for oss og alle at august vert ein god månad!
Related Posts with Thumbnails