måndag 26. juli 2010

Scrappespire

Eg må berre skryte litt av Storesyster i huset, som ser ut til å ha arva noko kreativt - ei interesse for å skape! I ferien fekk ho kjøpe eit blad, der det var med piperensarar, to ark og nokre paljettar som ein skulle lage sommarfugl-hårspenne av. Laurdag hjalp eg ho å klyppe ut to sommarfuglar i papira, men resten ordna ho sjølv! Sjå den fine sommarfuglen ho har laga og limt, og sjå kor symmetrisk og fint den er pynta! Eg vart nesten rørt, så fin syns eg den var! og kortet ved sida av scrappa ho ein dag tidlegare, då ho fekk litt restepapir og nokre blomar av meg. Dette syns eg lovar godt :)





Stolt jente, stolt mamma!
Related Posts with Thumbnails