laurdag 24. juli 2010

Fotokonkurranse

For ei tid sidan vart eg fan av Fotoverden på fjesboka, og idag kom det ei melding på veggen min om at denne månadens fotokonkurranse heiter "Norges fineste sted". Eg brukar ikkje delta i fotokonkurransar, sjølv om eg faktisk vann ein sommarkonkurranse i lokalavisa for nokre år sidan, men denne gongen fann eg ut at eg skulle hive meg med. Det er jo ingenting å tape, ikkje sant?

Mitt bidrag er desse tre bileta frå vakre Sandsøy, utanfor Harstad i Troms. Eg har vist ein god del bilete derfrå før, m.a. to av bileta under. I vakkert vèr står den vesle holmen fram som sjølvaste ferieparadiset for meg. Eg håpar det ikkje er lenge til neste gong me reiser dit!




torsdag 22. juli 2010

Ferie-collage mellom sparkling og maling

Ferien vår til Sørlandet er over. Tysdag pakka me sakene, snørte Bamsefar fast på taket, og sette kursen mot nordvest. Eigentleg hadde me tenkt å finne overnatting i Stavanger, men måndag kveld kom me inn på tanken om å køyre direkte heim. Ein lang tur, men å skulle pakke ut og inn i bilen endå ein gong var særs lite freistande. Istaden tok me middag og ein god pause i oljebyen, før me køyrde heilt heim. Sjølv om jentene ikkje er særleg glad i bilkøyring gjekk det igrunn fint å køyre alt på ein dag. Minstemor sov eit par gongar, medan Storesyster heldt seg våken kvart minutt av turen. På slutten var ho trøytt, men då trur eg ho gleda seg slik til å vise Bamsefar til Besta, Besten og onkelen at ho ikkje klarde å sove likevel.

Me hadde fine dagar der sør - 2 i dyreparken og ein på Sørlandssenteret. Der fann eg akurat butikken eg hadde leita etter på nett: ein butikk full av baderomstilbehør i fargeseriar - deriblant turkis! Oh Joy! Kort fortalt, så er alle dei turkise detaljane til badet på plass no (sidan me likevel hadde så lite plass i bilen gjordet det ikkje noko at eg shoppa litt ekstra ;) )

Etter me kom heim har mannen lagt ferdig golv og lista ferdig i stova, medan eg har sparkla pussa, maskert, og hatt akryl på alle dei stadene der det trongst ein liten "facelift". Ikveld har eg grunna vindaugslister og imorgon vert det silikonering på badet før eg tek til med maling av mil etter mil etter mil med lister.

Innimellom dette har eg smellt ihop ein liten collage av nokre få av bildene frå dyreparken. Eg veit ikkje om det er noko eg kjem til å skrive ut/trykkje opp, men det var no kjekt å prøve litt sånn i farten.
Eg håpar du har gode sommardagar der du er - her hjå oss er det faktisk meldt SOL framover!

søndag 18. juli 2010

Ferieblogging: Verdas største bamse!!

Idag har familien vår fått eit nytt medlem. Ikkje nokon liten sak - nei, her snakkar me Biiiiiig Bear!
Vår andre dag i Dyreparken er overstått, og det var altså herfrå me fekk med oss denne enorme saken. Storesyster fekk ein etterlengta runde i den såkalla Båtbasaren - eit tivoliområde med alle slags "pengemaskiner" som vanlege tivoli har. Ho freste frå det eine spelet til det andre, og eit av dei heitte "Dra til sjøs". Ein stor "klump" med tau, der nokre av dei hadde kosebamsar i ulike størrelsar festa til seg. Igår vann Rosamannen ein hest i passe størrelse her. Idag prøvde jenta sjølv, men i enden av tauet var det berre ein papirlapp. Jenta bak disken sto berre og måpa ei heil stund, før ho fekk stotra fram at Storesyster hadde vunne ein "gigabamse". Rosamannen såg store bamsar bak disken, og foreslo kva for ein Storesyster kunne velje. Nei, sa jenta, det er ein sånn! og peika på den største bamsen i heile boden. Og den måtte dei på lageret for å hente! Dei resterande timane var det litt som å vera berømt: folk peika, kikka og smilte. Storesyster gliste frå øyra til øyra, og mange kommenterte til ho om den enorme bamsen.


Då er berre spørsmålet: Korleis i all verda skal me få denne med oss heim, i ein allereie full bil? Eg har rydda alle lastestropper ut av bilen i høve ferien, for me skulle jo trass alt berre på tur. Kanskje me lyt kjøpe ei ny, og stroppe Bamsefar fast på taket?
Time vill shåvv - Tudelu!
Related Posts with Thumbnails