fredag 16. juli 2010

Ferieblogging: Hytteliv

Ein aldri så liten rapport etter to døgn på ferie..

I skrivande stund sitt eg i ei leiligheit i Kristiansand, med eit barn i søvn, og ei som framleis sprellar. Det er visst ikkje så lett for ein liten kropp å finne roen på stadig nye madrassar..

Turen idag har igrunn gått særs bra, med ganske få stopp - iallefall til oss å vere ;) Dei to dagane som har gått tilbrakte me på hytta som svigerfamilien til eine bror min eig, og det har vore kjempekosleg for oss alle. 3 kjekke syskenborn har helde småprinsessene i ande frå morgon til kveld med leik og lått. Dei som styrer med vèret var ikkje heilt i golage, og det bles kraftig både igår og idag, saman med regnskyll som var til forveksling lik syndefloden. Likevel vart det høve til å bada i sjøen for friskusane, og med ei livredd og likbleik mor på land var mine tre kjære med i båten og trakk garn i det eg syns var alt for høge bylgjer!!!! Ungane og fedrene deira syns visst berre det var morro....

Så, med litt stemningsbilder frå turen og hyttelivet ved sjøen tek eg snart kveld - imorgon er det Dyreparken som er målet, og det gler me oss til, alle 4!!







tysdag 13. juli 2010

Tid for ferie!

Imorgon let me hus vere hus, og reiser på bilferie med prinsessene våre. Heilt sidan tidleg i vår har me planlagd ein tur til Sørlandet og Dyreparken, men av ulike årsaker har ikkje overnatting og avreisedato vore avklart før igår, faktisk. Då vart det bestillt ein ferieleilighet sentralt i Kristiansand frå fredag til tysdag, samt 2-dagarsbillettar til Dyreparken. Aller fyrst stoppar me i Vindafjord, der svigerfamilien til bror min har ei fantastisk kosleg hytte ved sjøen, og bur der to netter saman med kjekke syskenborn, tante og onkel, før me kjører heilt sør.

I høve ferien har mor vaska bilen innvendig så han ser beint fram ny ut, medan far har lagt 2/3 av golvet i stova - det vert knallfint! (bilder kjem sjølvsagt seinare) På ein måte burde me jo berre bruke tida på huset no i sommar, slik at me kjem oss heimatt, men for jentene sin del, og sjølvsagt for vår eigen, så tek me oss no ein tur på ca ei veke. Det trur eg skal gjere oss alle godt!

Eg reiser ikkje nokon stad utan laptop og kamera, så det overraskar meg ikkje om det vert innlegg frå det blide Sørland den næraste veka. No skal eg såvidt starte med litt pakking før eg finn sengehalmen. Imorgon trur eg det kan verte litt hektisk før avreise, med to prinsesser som ventar på å komme avgarde, mor som spring som ei hovudlaus høne og samlar saman kle og eigedelar som ein kanskje, hvis, såfremtifall kan få bruk for på ferie, og far? Han har nok sine nødvendige gjeremål han òg, men i noko rolegare tempo ;)

Tudelu!

søndag 11. juli 2010

Utflytta stemor


Storeryster gjorde meg akurat merksam på ein fin blom ved husveggen vår. Eg måtte nesten gni meg i augene, for dette er då verkeleg ein stemorsblomst? Den må ha flytta ut frå korga som heng på ministakitten ein dryg meter ifrå. Der var det nemleg planta stemorsblomst ifjor. Eg visste ikkje at dei kunne komme att, og iallefall ikkje på steingrunn...
Related Posts with Thumbnails