På desse fem dagane har eg malt, malt, og malt litt meir. Dei tilsaman 8 veggane i det som no er ei 35 kvm stor stove har fått 3 strøk kvit maling, og det har tatt mykje lenger tid enn eg trudde!
Med perlestaffpanel på 5 nokså små veggar, og gammal tømmer på 3 nokså store veggar måtte det bli slik..
Dagens bilete viser det me fann under dei gamle veggplatene i stova. Bildet over er ein av veggane i det som tidlegare var kjøkken, men som no er innlemma i stova. Eg syns det var fantastisk morsomt å sjå spora av oppussing i svunnen tid, der dei heilt tydeleg har malt rundt hyller og skap når dei har skifta farge. Og fargane var ikkje noko tull: gult, grønt og blått!I veka som har gått har min kjære flisa veggane på badet, og idag har me fuga dei. Eg tok den fyrste veggen, han tok dei 3 andre ;) Det begynnar å nærme seg enden på prosjektet vårt, sjølv om me har mykje arbeid att. Lister og maling av desse, legge golv i stova, og imorgon skal mannen begynna å flisa baderomsgolvet!
God natt, og god helg!!(frå Rosa, som sit i sofaen og duppar mellom setningane...)
