Fint, tenkte eg, og sovna medan eg freste av meg eit utal gloser over å verte vekt midt på natta, utan eit einaste ord om at det kanskje var ei ugunstig tid å ringe på..... Eg var dessutan sikker på at det kom til å vere langt på dag når mannen var på veg tilbake med badekaret.

Kl. 05.45 ringte telefonen igjen. Den samme snøvlande stemma sa "hallo?", og den samme, uforskamma friske strilen fortsatte som om ingenting var hendt..
-ja, no køyrer eg frå Voss. Veit du om det er høgdebegrensing på brua inn til bygda?
-mnei, det veit eg ikkje noko om (korleis skulle eg vite det, og korleis skulle ein kunne tenke på slikt før klokka eingong hadde passert null?)
-du skjønar, eg (underforstått: vogntoget, som tydelegvis var ei forlenging av han sjølv) er så høg, så eg vil ikkje risikere å verte ståande fast der.
-nehei, det skjønar eg.
-men det er eit busstopp ved stamvegen, er det ikkje?
-jau, det er det jo.
-jaja, men eg ringer vegvesenet og høyrer om dei veit noko om brua.
-fint det.
Denne gongen måtte eg berre le - det nytta ikkje å hisse seg opp. Eg var i tillegg nokså våken etter to nærast nattlege samtalar med den friske strilen. Berre ein halvtime seinare ringte han dessutan oppatt:
-ja, du - eg fekk ikkje tak i nokon på vegvesenet (kanskje ikkje så rart, folk var vel ikkje komme på jobb før klokka null?), så eg sette badekaret på busstoppet ved stamvegen (E16).
Dermed var det berre å slå av vekkerklokker, stå opp og få ungane i barnehagen, før eg og mannen henta tilhengar, og plukka med oss eit opp-ned badekar på eit busstopp ved E16 før klokka åtte om morgonen. Det vart forøvrig levert der 19 timar etter at bestillinga vart gjort på nett, og på pakkseddelen stod det "Leveres med første mulige avgang." Noko raskare enn dette kunne det neppe bli...
Bortsett frå ei lita advarsel om sjåførar med noko avkorta sosiale antenner, så kan eg absolutt anbefale ei bestilling hjå badeeksperten.no - berre pass på at du har litt å gå på når det gjeld søvn når dei plutseleg ringer for å levere varene. Dersom du ikkje kan motta dei vert dei nemleg returnert til næraste lager, og eg trur ikkje det er på langt nær så underhaldande å få dei til å levere for andre gong...
God helg!


