Eg har lest ut ei bok, eg har laga flygar (flyer) til ein viss BalkanFest, og eg har leika litt med bilder frå jonsokfeiringa vår. Grunnen til reisa er eit jobbrelatert møte imorgon, og når ein i tillegg kan få putta inn litt kvalitetstid med to gode jenter, og herleg togtid, då burde alt ligge til rette for ei god helg! Litt vanskeleg å reise frå heimen når det meste står på hovudet og to travle jenter helt pappaen i ande heile tida, men eg skal kosa meg så mykje eg berre klarar, før eg reiser heimatt laurdag føremiddag.
Håpar du får ei god helg, du òg!!


