torsdag 17. juni 2010

Tid for hjem

Ikveld såg eg programmet med samme navn (altså Tid for hjem) for fyrste gong på over eit år, trur eg. Det er jo så kjekt! Og i den anledning tenkte eg du skulle få sjå eit glimt av heimen min, slik den ser ut idag. Og når eg seier lite, så meinar eg lite.

Det første bildet er av den eine veggen i stova - "ovnsveggen". Over ovnen ser du kor mykje sot det har vorte, på ein brannmur som ikkje let seg vaske fordi den er over-strukturert. (og så kan du jo tenkje for deg sjølv at "der har det nok ikkje vore vaska, sidan ein så tydeleg kan sjå kvar det har hengd bilete". Det er korrekt).


I helga reiv me platene i heile stova (du veit korleis det eine dreg det andre med seg?), og med det som kom fram på ovnsveggen reiv me den gamle brannmuren òg. Og sjå berre her kva som gøymde seg bakom!
Ein knallkul teglsteinsmur, ille medfaren av spikar osv, men likevel så stilig! Imorgon kjem det ein brannvernsmann og skal sjå på den, så me kan få vete kva me evt må gjere med muren for å få behalde den omtrent slik.

Du skal dessuten få sjå eit anna hjørne av stova, der alle veggane under platene viste seg å vere fin-fin tømmer som ein gong har vorte malt lysegrøn. Du veit at håpet er lysegrønt, ikkje sant?

Eigentleg skulle eg ned og pusse taket i stova ikveld, men istaden fann eg fram PC og eit glas vin, før eg skal komme meg i seng. Dermed satsar eg på fornya krefter og masse jobbing på fri-fredagen min imorgon!
Til slutt må eg minne om feiringa mi, som har siste frist på søndag:


Skriv ein kommentar i jubileumsinnlegget, og bli med i trekkinga!

og du - God helg då, du!

Related Posts with Thumbnails