Plakaten er eit samarbeidsprosjekt med ei anna dame i nemnda, og om ikkje anna kan ein iallefall sei at den lyser godt opp!
Er du i distriktet, eller har du rett og slett lyst ut på tur på laurdag, så kom til Evanger!!


Og så er det ikkje til å komme unna at det er litt vemodig at den sorglause barnehageperioden er over for hennar del. At jenta er vorte så stor, og no skal ta eit steg vidare på vegen mot sjølvstendig. Storesyster sjølv kan ikkje komme dit fort nok. Ho gler seg enormt til å komme igang, og til å leike med gode vener som allereie har gått der eitt eller fleire år.
Med ivrig jente på førskule-veg ynskjer eg deg ei god veke! Hugs at om du vil vere med i feiringa av no passerte 50 000 treff, så er det berre å legge att ein kommentar under dette innlegget.