Det er utruleg kjekt når dagsteljaren nærmar seg 100 besøkjande dei dagane det kjem nye innlegg, og eg tek meg ofte i å undre meg på kven desse gjestene er? Er det ein av mine drøyt 30 fylgjarar? Er det slekt? Vener? Sambygdingar? Eller berre "tilfeldig forbipasserande"? Ikkje veit eg, men eg vert fantastisk glad når eg ser at nokon har lagt att spor etter seg! Nokre av bloggarane vil eg faktisk sjå på som mine vener, sjølv om eg aldri har møtt dei anna enn gjennom dataskjermen.

Om du vil vere med er det berre å legge att ein kommentar under dette innlegget, der du skriv 3 ting du likar (gjerne interiør-relatert ;) ). (Dette konseptet er ein rip-off frå Lotta, som feirer endå meir fantastiske 100 000 besøkjande!) Dette må du gjere innan fredag 25. juni kl 23.59, så du har god tid! Er du anonym legg du igjen ei epost-adresse òg ;)
Mine stikkord ville forresten vere: rosa, roser, turkis.
Håpar mange vil vere med på feiringa mi, og skulle du ville fylgje meg vidare òg, så vert eg hoppande glad!
