Ha ein god fredagskveld, og ei strålande helg! Måtte sommarvarmen nå oss alle!!!
fredag 28. mai 2010
På gjengrodde stier
måndag 24. mai 2010
Ballerina
Sidan forrige haust har Storesyster gått på "Danseleik" i kulturskulen på Voss. Då ho starta var det ein lærar som var svært klassisk retta - midt i blinken for vår ballett-lystne jente. Ved nyttår kom det plutseleg ny lærar, og denne er av ein litt tøffare, meir aktiv, og meir rytmisk retta type. Storesyster trives nok ikkje fullt så godt som i byrjinga, og på dansetimen sist gav ho beskjed om at etter sommaren kom ho til å slutte(!). Tida får vise kva som skjer, men eg syns det ville vere synd om ho gav opp dansinga. Stortsett har det jo vore kjekt, og dei er så utruleg søte, desse små ballerina-spirene som sprett over golvet. På bileta her er snuppa tilogmed iført kappe - direkte importert frå New York (oppvisninga var dagen etter me kom att frå turen vår). Så spørs det, om det vert ballett eller fotball frå hausten, og kor mange kamelar mor lyt svelgje på vegen........


søndag 23. mai 2010
Trøytt - men vakker!
Eit bilete av ei ettermiddagstrøytt Vetlesyster, framleis skiten etter ein aktiv dag i barnehagen. Det nederste biletet er ubehandla, det øverste er litt "photoshoppa".


Ha ein vakker dag, du òg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

