laurdag 22. mai 2010

Pinseaftan

3 herlege soldagar har me hatt, med gode temperaturar og glimrande moglegheit for å verte litt svidd i kantane. Nydelegt!


Eg og Trollkåno hadde ein liten fredagstur på Plantasjen, og midt mellom blomar og gassgrillar, paviljongar og frukttre, sat denne vesle engelen med søkande blikk, og ba så tynt om å få vere med. Det fekk han sjølvsagt! No er han her og prydar hagen til foreldra mine, men han skal nok få flytte ned i vår eigen hage, der han kan lyse opp med ei tenksam mine. Eg har forresten gysla lyst på ein slik paviljong, eg òg. Ein kvit, i tre, som me kan sitte under i sol og regn, med bord og stolar, god mat og god drikke.


Akurat no ventar me på ein elektrikar-kamerat som skal legge varmekablar på badet-to-be. Idag kjende eg for fyrste gong på lenge ei kriblande kjensle etter å komme igang med noko der nede i kaoset, og det var litt godt. Så får me sjå kor lenge det er til neste gong - og om eg får gjort noko med det.
Nyt pinsehelga!!

tysdag 18. mai 2010

Dagen derpå

Ein liten flaggmontasje frå gårsdagen, som vart feira på behørlig vis. Storesyster slo fast då me kom inn døra heime at "dette har vore ein skikkeleg 17. mai!", og då må me vel vere nøgde? Vetlesyster var aldeles oppbrukt, og haldt på å sovna midt i kveldsstellet, det er òg eit godt teikn på ein fin og aktiv dag. Mor sjølv var ganske sjaber heile gårsdagen, med kvalme som innleiing og feber som avslutning. Difor har dagen idag vorte brukt i heimen, kun avbrote av førehandsbestillte legetimar for eit par av familiemedlemene.

No håpar me på litt meir sol og varme, og at "Prosjekt Hus" skal gå litt framover. Dvs, framover går det, men me har endå ein lang veg å gå. Imellomtida vert me tatt svært godt vare på heime hjå mor og far :)

God veke vidare!
Related Posts with Thumbnails