Sist helg var me til svigermor og henta to Hausbunadar i str småjente. Sidan me skulle i konfirmasjon til ein kjekk gut på torsdag tjuvstarta me litt på bunadssesongen, og sjølv om mor hadde gløymt dei få små oppgåvene ho (altså eg) skulle gjere sjølv, så vart det til slutt bunadar me alle sine respektive deler på begge to. Imorgon må skjorter og forkle vaskast og strykast på nytt, så me er klar til hurra-dagen! Så får me berre krysse fingrane for at omgangssjuke-baseluskane som herjar i heimen har flytta ut iløpet av morgondagen!!

.jpg)
